Fokuseringa på sex og underliv var så sterk i karnevalsopptoget i Florø nyttårskvelden, at det no blir reaksjonar.

– Meiner folk det er artig å gå på byen for å sjå ein kuk og fitte, spør florøværingen Stig Aguirre i eit lesarinnlegg i dagens utgåve av Firdaposten.

Grunnen er Kjippen, eit uorganisert opptog med årelange tradisjonar på nyttårskvelden. Folk kler seg ut, og tek med seg plakatar som i følgje tradisjonen gjerne kan vere satire over hendingar siste året. Lokalavisa i Florø fekk i går ei rekkje sterke reaksjonar på at den siste Kjippen blei altfor vulgær.

Mellom tema som blei vist stor merksemd var paret som kosa seg på kunstgrasbana i sunnfjordbyen i fjor. Dei fekk mellom anna oppslag som at «Stadionmus ga lukkerus». Også ei rekkje andre saker som har dominert det lokale nyheitsbildet blei gitt genitale kommentarar.

– Er det dette som har blitt Kjippen?, spør Aguirre. Han meiner det er på høg tid at «gamlefolket» tek ansvar og lærer dei unge kva Kjippen er: Eit kreativt opptog med gode masker og kommentarar som er planlagt noko lenger tid enn siste timane før opptoget går av stabelen.

– Elles trur eg dette er siste gongen eg gidd sjå eller ta del i Kjippen, avsluttar han lesarinnlegget.