Valdsbruken skal ha funne stad i eit husvære i Bergen i fjor vår, der mannen var i lag med to kvinner. Det vart drukke tett, og ein kommentar om dårleg husvask frå den eine kvinna skal ha gjort at mannen, som er i 50-åra, tente på alle pluggane.

Det enda med grov vald: Kvinna vart tildelt fleire blåveisar og skrubbsår, vart lugga så hardt at håret losna og fekk eit kraftig kutt i hovudet.

Alkoholproblem

Ho måtte fraktast til Haukeland sjukehus etter valdsbruken, der ho fekk sydd tre sting.

Tysdag må mannen som politiet meiner stod bak valdsbruken møte i Bergen tingrett, tiltalt for lekamsskading.

— Han har hatt eit alkoholproblem og er uføretrygda. Han har ikkje hatt noko framståande rolle i Frelsesarmeen, men har stått litt på stand og elles hjelpt ein del til, seier mannens forsvarar, advokat Kjell-Asbjørn Helland.

- Ei trist sak

Dersom mannen blir dømt, må han rekne med ein dom på fleire månaders fengsel.

Leiaren i det lokale korpset der mannen er med, seier dei er orientert om rettssaka.

— Vedkommande har ei fortid som han prøver å kvitte seg med, og vi har prøvd å støtte han. Det er ei trist sak, seier korpsleiaren.