Det starta med Høgre, så var det Anders Langes parti og 24 år i Framstegspartiet inntil Søviknes-saka sende han hovudstups ut i Carl I. Hagens kulde i 2001, deretter Hordalandslista og Kystpartiet. Og no Demokratene.

— Vi ligg ein stad mellom Høgre og Frp, seier Litleskare til Bergens Tidende.

Den 50-årige majoren har veljarappell. Flittig standståing og eiga heimeside på internett kan senda han inn att i Stord kommunestyre.

— Eg ville driva politikk, ikkje personstrid, seier han bittert om sin utgong or Frp. Og om tida etterpå:

— Vinglete? Folk lurer jo. Men eg har ein langvarig innsats for lokalpolitikken å visa til. Eg har gode kontaktar og har meir å yta.

Det viktigaste for Stord no er å få på plass ei god omsorgsteneste, dessutan prioriterer eg skule- og næringspolitikk, seier kommunearbeidar Fredrik Litleskare. Han melde seg ut av Kystpartiet fordi det ikkje ville ha debatt om EU og fylkeskommunen.