Det var på eit møte i Oslo tysdag at riksantikvar Jørn Holme gjorde kjent sitt syn. Til stades på møtet var fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti, fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd, Odda-ordførar Gard Folkvord og representantar for dei som ynskjer å investera på smelteverkstomta.

Utan Odda, er det industri— og prosessanlegg i Tyssedal, Rjukan og Notodden som er att i «pakken» som skal leggjast fram for Unesco.

Riksantikvar Jørn Holme seier til NRK Hordaland at det trengst full oppslutning i Odda kommune for å fremja søknaden med smelteverkstomta.

— Odda kommune vil berre fremja sin støtte til verdsarvstatus når ein liten del av bygningen er med, seier Jørn Holme til NRK.

Tyske ekspertar har uttalt i ein rapport at cyanamid-bygningen må fredast for å forsvara ein plass i ein søknad om verdsarv.

Uventa

Fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd seier til bt.no at forslaget frå riksantikvaren kom fullstendig uventa. Han meiner søknaden om verdsarv er svekka for Tyssedal, Rjukan og Notodden når Odda manglar i pakken.

Når det gjeld sjølve fredingssaka, trur Ekerhovd det trengst fleire møte med riksantikvar Jørn Holme.

— Siste ord er ikkje sagt i denne saka, seier Ekerhovd. Saman med fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti tilrår han ei fredingsomfang for smelteverkstomta som i praksis stengjer for Odda kommune sine visjonar om kjøpesenter og riksvegtrasé over området.

Skuffa

Gard Folkvord på si side står på at kommunens reguleringsplan kan gå i hop med ein søknad om verdsarvstatus.

Han er skuffa over at det endelege fredingsvedtaket no er utsett med to-tre månader.

— Vi var lova ei avgjerd før nyttår. No går mykje tid til spille, og det er svært uheldig for dei som har planar om å investera på smelteverkstomta, seier Gard Folkvord.