Det amerikanske flagget blafrar om kapp med det norske utanfor den kvitmåla kyrkja på Vestnorsk Utvandrarsenter. Himmelen er ein blå klisje som rammar inn postkortet frå den norske prærien.

Ikkje ein einaste demonstrant eller al Qaida-terrorist i sikte. Alt er fred og landleg idyll, når ein av USAs mektige og mest omstridde politikarar skal heim på slektsstemne.

— Skulle vi jage vekk ein radværing som har gjort det bra i verda? Høyrt på maken, seier pensjonist Vemund Gunnarson frå Nordangervågen indignert.

Eit lommekamera dinglar rundt handleddet hans. Det er første gong i historia at Radøy har så prominent besøk, og no gjeld det å vere på rett plass til rett tid.

— Bestefaren er frå Vågenes, veit du. At ein radværing når toppen der borte, er me krye av, seier Gunnarson til BT.

Overvelda over velstanden

Mørke solbriller, svarte dressar, proppar i øyrene. Plassen utanfor kyrkja blir fylt opp av bilar, livvakter og politi. Slektsstemnet til ære for John Ashcroft har gjort Radøy til potensielt terrormål for ein ettermiddag.

— Excellent, seier hovudpersonen i dét han stig ut av VIP-Mercedesen, og rekkjer handa ut til ordføraren.

Aller først får han og kona Janet Elise omvising på utvandrarsenteret. Med kyrkje, skulestove, forsamlingshus og det heile. I museumstunet spør BT om det er slik han hadde sett for seg heimbygda til bestefaren.

— Eg er overvelda over kor vakkert det er her, og dessutan over den norske velstanden. Hadde det vore slik i Norge for 150 år sidan, hadde eg vore født i Norge, ikkje i USA. Då hadde aldri bestemor og bestefar reist herifrå, svarar Ashcroft.

God tid til slekta

Bestemor Karen reiste frå Romerike, bestefar Jan frå Radøy. Dei møttest i USA. Dottera Grace gifta seg med Robert Ashcroft, og fekk tre søner, mellom dei John.

— Vi har i dag tre emigrantar i formell posisjon: Knute Nelson, Walther Mondale og John Ashcroft, seier initiativtakar til utvandrarsenteret, Asbjørn Ystebø.

Besøket på Sletta er privat. Han er her for å sjå staden han ættar frå for første gong i sitt liv, og treffe den norske familien sin. Han tek seg god tid.

I fleire timar er Ashcroft saman med 50-60 slektningar inne i kyrkja, og han er den siste som går ned kyrkjebakken.

Snakka ikkje politikk

— Det var veldig kjekt. Omtrent som når familien er i lag elles, seier slektningen Grethe Spurkeland etterpå.

— Ashcroft fortalde oss om far sin og familien, song «Han skal åpne perleporten» på engelsk for oss og spelte piano. Han liknar veldig på bestemor mi.

— Korleis?

— Måten han skakka hovudet på, og let att auga når han lytta. Det gjorde alltid ho óg, minnest Grethe Spurkeland.

— Diskuterte de politikk med Ashcroft?

— Nei. Vi har ulike meiningar alle, men når slekta møtest, snakkar vi om det vi har felles. Vi song i lag, lo i lag. I dag hadde vi det berre kjekt.

STERKE BAND: For første gong møtte justisminister John Ashcroft den vestnorske greina av slektstreet i går. 61-åringen var tydeleg rørt over det store oppmøtet til slektsstemnet på Sletta, som vart avslutta med gruppebilete på kyrkjetrappa på Vestnorsk Utvandringssenter. FOTO; RUNE SÆVIG