— Den siste strålande dagen blir nok torsdag. Frå fredag blir vêret meir variabelt; det blir skya og litt nedbør, seier statsmeteorolog Dag Kvamme til BT.

— Men det blir nokså mildt i helga med fine dagtemperaturar opp mot 10-15 grader på dagtid. Alt tyder på at vêrtypen held fram neste veke, men med litt synkande temperaturar på dagtid.