1. mars er søknadsfrist til vidaregåande opplæring. Og du treng ikkje ta dei straighte allmennfag— eller lærlingtilboda viss du ikkje vil.

Skulane har frå hausten fleire godbitar som for få år sidan ville vore utenkeleg å finne i den fylkeskommunale vidaregåande skulen.

Kunst og fred under breen

— Vi er svært spente på søknaden til fleire av dei nye tilboda våre, seier inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune.

Golf i Sveio, fred i Jondal, idrett i Åsane eller teknologi på Sotra er berre nokre av det nye fylkeskommunen slår til med frå august.

Er du glad i fred, natur og kunst kan kanskje Odda vidaregåande skule, avdeling Jondal, vere noko for deg. Den nedlagde barneskulen i Herand skal fungere som hovudkvarter for eit utdanningsprogram innan Media og kommunikasjon noko utanom det vanlege.

Elevane blir knytt tett opp mot Fredsakademiet i Jondal, som professor Johan Galtung står bak. Folgefonn nasjonalpark skal også nyttast som inspirasjon for elevane til tema kultur, natur og landskap.

— Dette er nybrotsarbeid, og vi er spente på kor mange som kjem til å søke, seier rektor Karl Erik Christiansen på Odda vidaregåande skule.

Mål: høgt nivå

I Sveio kan nye elevar spele golf 12 timar per skuleveke frå hausten. Stord vidaregåande skule tilbyr golfline, der elevar kan kombinere sporten med allmennfag eller yrkesfag.

— Golfundervisninga skal gå føre seg på Haugaland Golfbane Sveio, som er rekna for å vere ei av dei beste banene i landet. Det har vore ei viktig målsetjing at skule- og idrettsdel skal ha eit høgt fagleg nivå, seier prosjektleiar Solfrid Lier Habbestad.

Det er ingen handicapkrav for å kome inn, men elevane må vere motiverte for å jobbe med golf. Både her og i Jondal er 15 plassar sett av.

— Vi har mellom anna marknadsført oss inn mot alle golfklubbar i landet, og interessa er god, seier Habbestad.

OL-håp frå Åsane?

Frå hausten kan Åsane få den første offentlege toppidrettsklassen i landet, dersom Olympiatoppen får ja til sitt samarbeid med Åsane gymnas. Det avgjer Fylkesutvalet 22. og 23. februar.

Dei andre toppidrettstilboda i landet er betalingstilbod, samarbeidet mellom Åsane gymnas og Olympiatoppen skal vere gratis.

— Det har vore eit viktig prinsipp for oss at elevane skal vere ein del av den offentlege skulen og vere saman med andre elevar. Dei får 12 timar trening i veka på skulen, og treng såleis ikkje bruke all kveldstid på idretten, seier Roger Gjelsvik, idrettssjef i Olympiatoppen region Vest-Norge.

Elevane vil få ei skuleveke på 40 timar. Åsane gymnas blei valt av Olympiatoppen på grunn av dei gode fasilitetane like i nærleiken, som symjehall, handballbaner, friidrettsbaner og badmintonhall.