1. mai gjekk alle flagg til topps. Endeleg kom den dagen me hadde venta på, lengta etter og drøymt om i fem år.

Etter fem lange krigsår, kom 8. mai med fred og fridom. Freden vart feira med flaggheising, fredsgudsteneste, talar, song, musikk, salutt og kong Haakon på radio.

Men uvissa prega òg dei glade fredsdagane. Nokon sat heime og venta på livsteikn frå sine kjære som sigla i utanriksfart, sat i fangenskap her til lands eller i Tyskland, eller var med i motstandsrørsla.

Andre hadde mist nokon av sine. Atter andre stod på ”feil side”. Enno venta store oppgåver på dei våpenføre og på dei mange som streva med å få endane til å møtast på ”heimefronten”. Rasjoneringstida var ikkje over, og atterreisinga av landet kravde tunge løft.

Jubel

”8. mai arbeidde eg på landhandelen til far min, ”T. H. Sundvor landhandel”. Nokre byfolk som var evakuerte, kom hit til butikken og ropte og jubla at krigen var slutt. Dei var hoppande glade og tok meg rundt halsen,” minnest Martella Meidell (1916-2004) frå Sundvor.

”Me fekk vita sikkert 7. mai at det var fred, og då samlast me som då var unge, på Hovden,” fortel Lars Holdhus (1917-2000) frå Hålandsdalen. ”Der gjekk det slett ikkje stilt for seg! Me song og jubla og ropa hurra. Seinare på kvelden hadde nokon låst opp Gamlekyrkja for oss, og me ringde med klokkene og jubla vidare.”

Salutt

”Me stod innanfor stova på Midtrød og høyrde skyting frå Holdhusstølen. Ammunisjon frå flysleppa tidlegare på våren vart no brukt i jubel og glede,” minnest Kristi Midtrød (f. 1923) frå Hålandsdalen.

Musikk

Det var utandørsfeiring med feiande korpsmusikk i Eikelandsosen. ”Om ettermiddagen samlast mykje folk på stemneplassen oppe i ”Lundo”. Musikklaget spelte og det var tale. Det kjendest befriande!” minnest Malena Sværen (f. 1921).

Kong Haakon

Ungguten Olav M. Holmefjord (f. 1932) hadde rodd jordmora til Samnøy. Han gløymer aldri det som møtte han, då han kom heim: ”Utom altanen stod det mykje folk. Altanen, gangen og stova var heilt full av folk – eg kom ikkje inn. Og eg høyrde radioen stod høgt på og prata dansk. Det var kong Haakon. Dette var ei gledesstund eg aldri gløymer. Men dei som no var i rette alderen og var med i heimefronten, måtte straks av garde for å vera med på avvæpning av tyskarane.”

I Eikelandsosen kunne ein høyra kongen tala frå butikken til Osebakken. Dei hadde radio på loftet, og mykje folk hadde samla seg utanfor dei opne vindaugo for å høyra kong Haakon.

Fredsgudsteneste

I Strandvik vart det skipa til fredsgudsteneste. ”8. mai etter middag samlast mykje folk i Strandvik kyrkje til ei rik minnehøgtiding. Varaordføraren i Strandvik herad, Nils Engevik frå Sævareid, var ansvarleg for tilskipinga. Eg hugsar han sa frå koret at han tykte det var rett å høgtida ein slik dag i kyrkja,” fortel Trond Djupvik (f. 1909) frå Vinnes.

Det var sett opp båt frå Sundvor og Nordtveit. ”Mykje folk reiste over, og eg hugsar turen godt. Folk var veldig glade og oppløfta over at det var fred. Dei flagga på alle flaggstenger – det var skire 17. mai på den måten! Og vêret var verkeleg fint,” minnest Martella Meidell.

Kva betyr fridom?

Malena Sværen gløymer aldri turen til fots frå Havsgård inn til Eikelandsosen for å vera med på feiringa av freden. ”Det var fint vêr og grønt i liane. Eg tykte aldri eg hadde sett landet så vakkert, og no er det vårt att, tenkte eg. Det er eit inntrykk som har sett seg fast.”

”Så kom dei vidunderlege maidagane i 1945, som me som er eldre, aldri vil gløyma. Og aldri har vel Blix-salma ”No er det i Norig atter dag” vore sungen med slik ein glød og varme som desse fine maidagane,” minnest Jan Bakke (1917-1995) frå Bergegrend.

”Etter eit par dagar kom dødsmeldingane, og flagga kom på halv stang. Så kom bileta frå konsentrasjonsleirane, og det var mykje verre enn me hadde forestilt oss,” fortel Bjarne Skåtun (f. 1930) frå Vinnes.

”Me hadde lært oss å setja pris på friheita,” konkluderer den eldre generasjonen. Det er lett å forstå at dei hadde lært det etter fem lange okkupasjonsår. Men greier me som er fødde etter 1945 å fatta kva fridom betyr? Og setja pris på fridomen?

Du kan lesa meir om fredsdagane 1945 og okkupasjonsåra i boka ”Verda inn over dørstokken. Krigsminne frå Fusa”, som kom ut i 1995 i samband med 50-årsjubileet for frigjeringa.

Kva er fridom for deg? Skriv ein kommentar i feltet under:

Fredsgudsteneste i Strandvik 8. mai 1945.Bileta er henta frå biletsamlinga til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.
Sigurd Hatletveit
Dokter Kari Øpstad heiser flagget 8. mai 1945.
Dokter Kari Øpstad (i bunad) med vener samla ved flaggstanga i doktergarden 8. mai 1945. Ho hadde sjølv vore med på illegalt arbeid og site i fengsel nokre månader under krigen.
Aldri har vel fusingane gledd seg meir over nasjonaldagen enn i fredsåret. Biletet er frå 17. maifeiringa på Baldersheim 1945.
RUNE STØLÅS