• Tjuvane har vorte pressa vekk frå Oslo og over i dei andre storbyane, seier politiet.

— Dei siste åra har det vore ein vanvittig auke i vinningskriminalitet frå personar på offentleg stad i Bergen, seier politioverbetjent Jan Martin Skulstad ved allmennavdelinga i Hordaland politidistrikt.

Så langt i år er det registrert 1215 lommetjuverier i Hordaland, samanlikna med 872 i fjor. Det er ein auke på heile 39 prosent.

Tala er ein del av ein større trend dei seinare åra. I 2010 registrerte politiet 1088 tjuveri i Hordaland I 2012 vart talet nær dobla til 1966.

Forklaringa på oppgangen kan liggje i innstramminga mot lommetjuveri i Oslo dei seinare åra.

— Vi lurer på om det er slik at lommetjuvane er blitt skremde vekk frå hovudstaden, og pressa over i dei andre storbyane, som Bergen, seier fungerande leiar Bjarte Sedal ved analyse- og registerseksjonen i politiet.

Fråstolen tre iPhone-ar

18-årige Dan-Caspar Bruvoll frå Sandsli er ein av dei som har kjent statistikken på kroppen. Dei siste åra er han blitt fråstolen heile tre iPhone-ar.

For tre månader sidan var Bruvoll ute på byen med vener. 18-åringen stod ved Zachariasbryggen, med mobiltelefonen i ytterjakka. Før han visste ordet av det, var telefonen stolen.

— Rett etterpå såg eg ein gjeng som sprang vekk med mobilen, fortel han.

Heldigvis fekk Bruvoll etter nokre veker ein ny telefon igjen på forsikringa. Då 18-åringen var ute førre laurdag, slo derimot ulukka ned igjen.

- Ikkje lett å merke

Bruvoll meiner det er svært lett å verte fråstolen verdisaker i det offentlege rom.

— Kven som helst kunne opplevd dette. Det er ikkje så lett å merke at nokon tar handa ned i jakka di når ein er uoppmerksam, seier 18-åringen.

På grunn av at han allereie hadde mista ein telefon kort tid tidlegare, vil ikkje Bruvoll få telefonen att på forsikringa. 18-åringen er redd den neste telefonen kjem til å lide same skjebne som dei førre.

— Eg har ingen forsikring om at den nye telefonen min ikkje kjem til å bli stolen igjen, seier han.

Fleire tjuveri på dagtid

Der dei fleste tjuveria lenge har skjedd på kveldstid og i helgane, vert stadig større del av tjuveria på dagtid.

— No i turistsesongen er det ofte mange menneske samla på ein og same plass, noko som trekkjer til seg lommetjuvane, seier Skulstad ved allmennavdelinga, og fortel at Fløyen er blitt innynda stad for tjuvar.

Ifølgje Skulstad veit politiet lite om kven som er gjerningsmenna i slike saker.

— Tjuvane vert i liten grad pågripne. Folk merkjer ikkje at dei har mista eigendelane før det er for seint, og sakene er vekke på ein augneblink, seier han.

Skulstad seier tjuvane ofte opererer i grupper.

— Dei stel det dei treng raskt, og gjer verdisakene vidare til ein annan, slik at vi ikkje får tak i dei. Mange av tjuvane er flinke, og utøver handverket sitt på ein god måte, seier han.

- Tenk på alkoholinntaket

Skulstad ved politiet seier ein alltid bør unngå å gå frå eigendelane sine når ein er på offentlege område.

— Det er viktig å vere påpasseleg med kor ein legg sakene sine, og ikkje gå der det er tett med folk, seier han.

Politioverbetjenten trur ikkje det er tilfeldig at mange av tjuveria skjer på kveldstid.

— Påverka personar er ofte lette offer for vinningskriminelle. Ein bør prøve å tenkje på å halde alkoholinntaket under kontroll når ein er ute, seier Skulstad