Etter Råfisklova har dei regionale fiskesalslaga monopol på førstehandsomsetting av fisk. Dei fleste salslaga har imidlertid gitt dispensasjon for omsetning av eigen fangst direkte frå fiskar til forbrukar, t.d. ved kai i byar og tettstader.

I Hordaland og Sogn og Fjordane har Vest-Noregs Fiskesalslag ikkje gjeve slik dispensasjon.

Fylkesutvalet vil på det sterkaste oppmoda Vest-Noregs Fiskesalslag om å opne for direktesal av fersk fisk frå kystflåten til forbrukarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

I tillegg til salsløyve i sentrale strok som Vågen i Bergen, bør også fiskarar i distriktet få høve til direktesal frå båt. Dette vil styrkje næringsgrunnlaget for kystflåten, og sikre hordalendingar og turistar tilgang til fersk fisk. Direktesal frå båt vil også bli eit kjærkome kystkulturinnslag i mange hamner.»