I Fontgombault sentralt i Frankrike ligg eit av Europas største benediktinarkloster. Ordenen etablerer nye kloster med i snitt ti-tolv års intervall. No har dei kasta sine auge på øya Selja i Selje kommune, og vil byggje ikkje langt unna klosterruinane der kulten rundt Den heilage Sunniva oppstod for om lag tusen år tilbake.

Då BT kontaktar klosteret, reknar vi med å måtte prøve å gjere oss forstått på engelsk, ispedd ei og anna glose på stotrande fransk. Etter å ha presentert kven vi er og kvar vi ringjer frå, får vi etter kvart munken Pierre Antonine på tråden.

— God dag, kva kan eg hjelpe med, seier han på klingande norsk, omtrent utan aksent.

Ikkje love, ikkje utelukke

Det viser seg at mannen aldri har sett fot på norsk jord, men har lært seg språket ved sjølvstudiar i klosteret. Han stadfestar ordenens interesse for Selja.

— Vi har vurdert ei slik etablering, men vi har også på gang eit nytt prosjekt her i Frankrike. Det er eit gammalt kloster som må restaurerast og få inn yngre krefter, seier Pierre Antonine.

— Det er vanskeleg å seie kor lenge dette vil leggje band på ei eventuell bygging på Selja. Det er også avhengig av at det finst unge menn i Norge som vil vie seg til klosterlivet. Så nett no kan vi ikkje love noko når det gjeld Selja, men heller ikkje utelukke noko.

Kateket Ragnhild Aadland Høen i St. Paul katolske meinigheit i Bergen har vore kontaktkvinne for den franske munkeordenen i Fontgombault, og meiner at tanken om eit nytt kloster på Selja er realistisk.

— Dei meiner dette seriøst, seier ho.

Øya Selja lengst nordvest i Sogn og Fjordane er rekna som den eldste kristne heilagstaden i landet, her vart martyrstaden for Sankta Sunniva (elles også vernehelgen for Bergen by) oppdaga i år 996, og her vart det første bispesetet i Vest-Norge oppretta rundt 1070. Rundt 20 år seinare oppretta benediktinarordenen eit kloster på øya, og Selja utvikla seg til eit religiøst og kyrkjeleg senter i det tidlege kristne Norge.

Teikn frå Gud

No har altså den benediktinske munkeordenen eit ønskje om å kome tilbake til Selja og opprette eit nytt kloster.

— Dei ventar på eit sikkert teikn frå Gud, fortel Ragnhild Aadland Høen.

— Det er heilt naudsynt.

- Kva kan eit slikt teikn til dømes vere?

— Det kan vere at dei ser nok av unge menn der ute som ønskjer å bli munkar i eit nytt kloster på Selja, svarer kateketen.

Ifølgje henne er det snakk om minst seks unge menn som vil gå si formingstid i klosteret i Frankrike, og etter ordinering til munkar fullføre kallet på Selja. Det inneber eit liv vigd til Gud, avsondra i bøn, askese og sølibat.

Benediktinarordenen er ikkje reetablert nokon stad i Norge etter reformasjonen. Sjølve klosterruinane og store deler av øya Selja er i dag freda av Riksantikvaren, medan resten av øya er i privat eige. Her ligg nøkkelen til etablering av eit nytt kloster.

Vil kjøpe eigedom

— Vi veit at det kjem ein eigedom til sals på Selja om ikkje så lenge. Dette er det einaste bruket der det ikkje er gjort arkeologiske funn, og området er eigna til å byggje kloster på, seier Ragnhild Aadland Høen.

— Planen er at Oslo katolske bispedømme får hand om eigedommen, og sit på den til benediktinarane er klare til å overta og byggje der.

Både biskop Bernt Eidsvig i Oslo katolske bispedøme og biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin har ønskt dei benediktinske munkane velkomne til å etablere seg på Selja.

— At ein luteransk biskop ønskjer dei velkomne til seg må jo i seg sjølv vere eit lite teikn frå Gud, eller kva, spør Aadland Høen.

Og dei to biskopane er ikkje dei einaste. I Selje kommune (2850 innb.) har ordførar Ottar Nygård vanskeleg for å tøyle si begeistring for klosterplanane. I eit brev til den franske munkeordenen skriv han at kommunen dessverre ikkje kan hjelpe økonomisk, men vil elles vere medhjelpar og leggje til rette på alle vis.