OVE A. OLDERKJÆR

— Vi er heilt klart interessert i å melda oss på dersom Bergen-Voss blir lagt ut på tilbod, seier Kjetil Førsvoll, dagleg leiar av Connex Norge AS til Bergens Tidende.

Årleg transporterer NSB om lag ein halv million menneske mellom Bergen og Voss.

Gjøvikbanen, Bratsbergbanen (Porsgrunn-Notodden) og strekninga Bergen-Voss på Bergensbanen blir dei første norske togstrekningane som Samferdsledepartementet set ut på tilbod. Det er truleg bodskapen til samferdsleminister Torild Skogsholm når ho kjem til Bergen og presenterer sin del av statsbudsjettet neste veke.

NSB er budd på at monopoltida på norske skinner går mot slutten. Statsselskapet førebur den nye konkurransesituasjonen, og vil leggja inn tevleføre bod på dei strekningane som skal ut på opne tilbod, opplyser informasjonssjef i NSB, Audun Tjomsland, til Bergens Tidende.

Connex, som i dag er involvert i busstransport i Stavanger- og Oslo-området, er blant internasjonale transportselskap som har gitt klar melding om at selskapet også er interessert i å køyra tog i Noreg.

I tillegg kan britiske Arriva, som i fjor overtok 15 prosent av dei danske statsbanane sine nett, koma med bod. Andre aktuelle er nettopp dei danske statsbanane, som i Sverige har overteke eit svensk togsamband saman med det private svenske selskapet Tågkompaniet.

Tågkompaniet overtok Ofotbanen etter Sveriges Järnvägar og industriselskapet LKAB, men frå neste år er det Connex som skal driva sambandet mellom Narvik og Kiruna.

Connex debuterer altså neste sommar på norske skinner. Selskapet med 18.000 tilsette i Europa driv frå før togsamband i blant anna Frankrike og Tyskland.