Særleg dei to førstnemnde prosessane krev store mengder elektrisk kraft, og slepp ut 200.000 tonn CO2.

Derimot er det lønsamt å vidareforedla cyanamid til Dicy og Cy50. Slik produksjon kan sysselsetta mellom 50 og 60 mann, og konsumerer årleg 40.000 tonn CO2 — det motsette av utslepp.

For tida løner det seg å kjøpa både CO2 og cyanamid for vidareforedling framfor å produsera sjølv.

Bygger ein ny PCC-fabrikk (Presipitated calcium carbonate) til 150 millionar kroner, derav 100 statlege, kan 50 mann vidareforedla filterkaka (avfallsprodukt) frå Dicy-produksjonen til reint kalsiumskarbonat. Prosessen gir passeleg mykje CO2 til produksjonen av Dicy og Cy50. Med andre ord nullutslepp.

Sysselsettingsmessig betyr dette at rundt 150 misser jobben no. Men 50 av dei kan koma attende når PCC-fabrikken er bygt. Odda Smelteverk får då ca. 100 tilsette. Alternativet er full nedlegging, og alle 203 sett på porten straks. Det blir ein ny tragedie for Odda-samfunnet og den einskilde, men dei blir ikkje sende på naudsarbeid med lågtlønt vegbygging som i 1921. Odda kommune og Aetat har oppretta eit SOS-utval til å ta hand om dei som vert hardast råka.