— Eg trur vi står framfor ein periode med større endringar innanfor sjukehustenestene enn vi har sett på mange år, seier Terje P. Hagen, professor og avdelingsleiar ved Institutt for helseledelse og helseøkonomi ved Universitetet i Oslo.

Ifølgje Hagen peikar fleire faktorar i same retning. For det første er det lå­gare vekst i dei økonomiske rammene enn det var tidlegare i tiåret. For det andre var åra etter sjukehusreforma ein periode då landet blei styrt av mindretalsregjeringar. Dette gjorde at utspel om endringar i sjukehusvesenet blei skote ned før dei kom til reell debatt. No styrer ei fleirtalsregjering landet.

— Eg tolkar noverande helseminister slik at ho i større grad enn forgjengarane er villig til å godta endringar, seier Hagen.

Mot 2020

I vinter skal styret i Helse Vest ta stilling til strategiar enkelte helseføretak har lagt for aktiviteten dei komande åra. Dei første kjem opp i styremø­te 1. desember. Planane, som ber bod om store omstillingar i sjukehustilbodet på Vestlandet fram mot 2020, dannar grunnlaget for sjukehuskartet Bergens Tidende teiknar i dag.

Helse Fonna og Helse Førde har kome lengst. I Sogn og Fjordane kan fø­detilboda i Eid og Lærdal bli avvikla og dei to lokalsjukehusa gjort om til medisinske sentra utan akuttberedskap. Reaksjonane er som vanleg sterke.

I Helse Fonna står den forsterka fø­destova i Odda for fall. Utan keisarsnittberedskap, fell også grunnlaget for kirurgisk døgnberedskap og dagkirurgi. På Stord er det frykt for kva som vil skje om gastrokirurgien fell vekk. Argumentet er at dersom ein så sentral aktivitet forsvinn, kan det vere tua som veltar eit større lass. Både føde- og akutttilbod blir svekt.

Dyrt teknisk utstyr

Professor Hagen trur vi no går mot ei sentralisering av sjukehusvesenet.

— Om vi ser på kyststripa frå Lindesnes til Trondheim, trur eg vi i 2020 har seks større sjukehus. Det vil vere Stavanger, Haugesund, Bergen, Førde, Ålesund og Molde. Dei eksisterande lokalsjukehusa vil i stor grad fungere som satellittar der det blir utført planlagt behandling på dagtid.

Ei teknologisk utvikling med stadig dyrare og meir spesialisert medisinsk utstyr er ei viktig årsak til utviklinga. Dette kan også føre til meir funksjonsdeling mellom dei store sjukehusa.

— Det finst forskarar som meiner at vi i framtida kan få nordiske spesialavdelingar. Kan pasientar bli sende til Stockholm eller Kø­benhavn for å få høgspesialisert behandling?

— For sjeldne tilstandar som krev høg fagleg kompetanse og dyrt utstyr, ser eg føre meg ei nordisk arbeidsdeling. Vi har alt tilløp. Sjukehus i nordiske naboland har sendt pasientar til brannskadeavdelinga på Haukeland.

Avanserte transplantasjonar, nevrokirurgiske inngrep og nye metodar for strå­lebehandling er andre døme på spesialitetar der sjukehus kan få overnasjonale oppgå­ver.

Desentral revolusjon

Men ikkje all medisinsk utvikling er sentraliserande. Utviklinga går begge vegar. Kreftbehandling er døme. Pasientar frå Sogn og Fjordane som treng strå­lebehandling, blir sende til Haukeland. På­følgjande cellegiftbehandling kan derimot skje i Førde eller ved dei to lokalsjukehusa.

Det mest revolusjonerande eksempelet er likevel behandling av magesår. Før var magesår kirurgisk inngrep og innlegging i sjukehus. Men så, for kring 20 år sidan, kom nye medikament.

— Frå å vere ein tilstand som kravde kirurgisk inngrep, er magesår no noko allmennlegar ofte kan behandle, seier forskingsdirektør Jan Erik Askildsen ved Rokkansenteret i Bergen.

Professoren er ekspert på helseøkonomi.

— Helseøkonomi er det vi kallar inntektselastisk. Når inntektene går opp, aukar også etterspurnaden etter helsetenester. Dersom vi ser føre oss at Norge er rikare i 2020 enn no, vil vi spørje etter betre helse og eit betre helsetilbod.

— Korleis ser du føre deg at utviklinga går?

— Vi har ei rivande teknologisk utvikling. Å spå er nesten uråd, men eg trur vi i framtida vil sjå mange nye behandlingsformer. Dei dyraste av desse vil bli sentrert til dei største sjukehusa.

1.Nordfjordeid

Lokalsjukehus for kring 30.000 innbyggjarar i Nordfjord. Kring 290 tilsette.

I DAG: Akuttfunksjonar for indremedisinske og ortopediske sjukdomar/skadar, fødeavdeling, poliklinikkar innanfor medisin, ortopedi, føde/gynekologi, barnesjukdomar, hud og øyre- nase-hals.

I 2020: Lokalmedisinsk senter som Helse Førde driv i samarbeid med kommunar i Nordfjord. Akuttberedskap, fødetilbod og sengepostar er avvikla. Tilreisande spesialistar frå Førde og privatpraktiserande driv poliklinikkar og dagbehandling. Talet på Helse Førde tilsette er under 100. 2. Førde

Sentralsjukehus for Sogn og Fjordane, lokalsjukehus for kring 51.000 i Ytre Sogn og Sunnfjord. Kring 1300 tilsette.

I DAG: Har dei aller fleste behandlingstilbod, men alvorlege hovud, rygg og brannskadar, ein del kreftbehandling (strålebehandling t.d.) og ulike inngrep i hjarte og blodkar skjer utanfor fylket.

I 2020: Førde sentralsjukehus har teke over all akuttberedskap frå Eid og Lærdal. Dei mest kompliserte skade- og sjukdomstilfelle blir behandla ved spesialavdelingar på ulike sjukehus utanfor fylket. Tal tilsette er over 1400. 3 . Lærdal

Lokalsjukehus for kring 25.000 innbyggjarar i Indre Sogn. Rundt 270 tilsette.

I DAG: Akuttfunksjonar for indremedisinske og ortopediske tilstandar, forsterka fødestove og poliklinikkar i føde/gynekologi, urologi, barnesjukdomar, hud, øyre-nase-hals.

I 2020: Lokalmedisinsk senter som Helse Førde driv i samarbeid med kommunar. Akuttberedskap, fødetilbod og sengepostar er avvikla. Tilreisande spesialistar frå Førde og privatpraktiserande driv poliklinikkar og dagbehandling. Talet på Helse Førde-tilsette er under 100. 4 . Voss

Lokalsjukehus for kring 28.000 menneske i Voss og Hardanger. Har også pasientar frå Aurland og Vik. Kring 420 tilsette.

I DAG: Akuttfunksjonar i indremedisin, kirurgi, ortopedi, gynekologi og fødeavdeling. Røntgen- og fysikalsk avdeling i tillegg til poli- klinikkar.

I 2020: I 2020 er truleg sjukehuset mykje endra. Helse Bergen har ikkje laga ny strategiplan, men i den eksisterande heiter det at føretaket vil utvikle og prøve ut nye lokalsjukehusmodellar. Det er grunn til å tru at det same kan skje på Voss som ved andre lokalsjukehus.

5-6 . Bergen

Haukeland universitetssjukehus er regionsjukehus for over 1,1 million innbyggjarar i Helse Vest-området, sentralsjukehus for Hordaland og lokalsjukehus for Bergen og Midthordland.

Haraldsplass Diakonale Sykehus er lokalsjukehus for 120.000 innbyggjarar i Nordhordland og delar av Bergen. Kring 9700 tilsette til saman.

I DAG: Haukeland er eit komplett sjukehus, men barnehjartekirurgi og transplantasjonar blir ikkje utført. Har nasjonale funksjonar, t.d. brannskade og trykkammerbehandling, nasjonale kompetansesentra og fleirregionale funksjonar. Haraldsplass har akuttfunksjon for lokalsjukehusom-rådet, klinikkar i kirurgi, medisin og lindrande behandling og ei rekkje avdelingar og poliklinikkar.

I 2020: Helse Bergen har ikkje laga ny strategiplan. Haukeland har truleg endå fleire landsdekkande funksjonar. Ytterlegare spesialisering gjer at nokre avanserte behandlingar som blir utført i dag, er flytta til andre sjukehus. Haraldsplass har utvida samarbeid med kommunane.

7 . Odda sjukehus

Lokalsjukehus for kring 12.500 innbyggjarar i Hardanger. 250 tilsette.

I DAG: Medisinsk/kirurgisk avdeling, tilbyr generell kirurgi, ortopedi, gynekologi, bryst- og feittreduksjon. Breitt poliklinisk tilbod. Fysioterapi/Lærings- og meistringssenter, Ambulansestasjon, Radiologi, Laboratorium. Forsterka fødestove med 68 fødslar (2009).

I 2020: Jordmorstyrt fødestove. Kirurgi som krev kirurgisk døgnberedskap og dagkirurgi er fjerna. Spesialistar kjem frå Haugesund for å behandla pasientar på poliklinikkar. Auka satsing på eldre og kronikarar.

8 . Stord sjukehus

Lokalsjukehus for kring 50.000 innbyggjarar i Sunnhordland. 700 tilsette.

I DAG: Medisinsk- og Kirurgisk avdeling for generell kirurgi, ortopedi, gastroenterologi, gynekologi og urologi, Dialyse laboratorium, Intensiv, Radiologi og Rehabilitering. Føde- avdeling med 612 fødslar (2009).

I 2020: Meir planlagd ortopedisk kirurgi, medan akutte bukinngrep og større mage-operasjonar er flytta til Haugesund. Spesialistar kjem frå Haugesund for å be- handla pasientar på poliklinikkar. Auka satsing på rehabilitering, eldre og kronikarar.

9. Haugesund sjukehus

Lokalsjukehus for 110.000 innbyggjarar på Haugalandet. 1800 tilsette.

I DAG: Har dei fleste behandlingstilbod, men nokre krefttilfelle, alvorlege hovud- og brannskadar sendast til universitetssjukehus. Fertilitetssenter og Kvinneklinikk med 1492 fødslar (2009).

I 2020: Hovudsjukehus for Helse Fonna der ei rekkje tilbod er styrkt: Hormon- og fordøyingssjukdommar, hjarte- og lungesjukdom, nevrologi, spesialisert rehabilitering, onkologi, gastrokirurgi, urologi. Nokre planlagde ortopediske operasjonar er flytta til Stord.

10 . Stavanger

Sentralsjukehus og lokalsjukehus for vel 320.000 innbyggjarar i den sørlegaste delen av Rogaland. Kring 5400 tilsette.

I DAG: Behandlar dei fleste sjukdomar og skadetilfelle. Ein del spesielle lidingar blir behandla andre stader, t.d. nevrokirurgi som blei overført til Haukeland. Nasjonalt senter for bevegelses-forstyrrelsar. Satsar sterkt på forsking.

I 2020: Sterk vekst i folketalet i regionen gjer at sjukehuset er utbygd. Har truleg fått nasjonale funksjonar, på same tid som oppgåve- deling mellom universitetssjukehusa gjer at enkelte pasientgrupper blir sende andre stader.