Leiinga, tilsette og vener av rusverninstitusjonen ved Oppheimsvatnet på Vossestrand vart tekne på senga av ein rapport som dømer Framnes nord og ned.

Eller rettare sagt: fylkesadministrasjonen si tolking av rapporten er svært så kritisk.

— Sjølve rapporten fortel om ein relativt veldreven institusjon med endringsvillig leiing, god atmosfære og stort sett nøgde tilsette, klientar og samarbeidspartnarar, seier dagleg leiar ved Framnes, Ole Johnny Opkvitne, til Bergens Tidende.

Konklusjonane og innstillinga frå fylket sitt rusvernkontor er derimot i stor grad negative, til dels utan grunngjeving, og relaterte til svært ideelle krav, meiner Opkvitne, og er redd dette vil slå beina under Framnes.

Misnøye

Rusvernkontoret har lenge vore skeptisk til Framnes, oftast for manglande økonomisk styring. Dei folkevalde har likevel valt å halda institusjonen i gang. Siste løyving gjeld fram til halvårsskiftet. Fylkesadministrasjonen har difor bede om ein rapport, som psykolog John Agnar Johansen har gjort.

Useriøst

Helse- og sosialsjef Magne Vassenden i Voss kommune har merka seg at fylkesadministrasjonen har lagt fram ein rapport, og deira tolking av denne, utan å la Framnes få sjå eller kommentera innhaldet. Rapporten kjem til handsaming på den fylkeskommunale komiteen for kultur og helse sitt møte i dag.

Vassenden nøler ikkje med å kalla sakshandsaminga uprofesjonell.

— Slikt gjer ikkje ein profesjonell administrasjon. Dette har preg av at svaret er bestemt på førehand, og at administrasjonen prøver å framstilla skinndemokratiet som seriøst, seier han til Bergens Tidende.

— Kva bør fylkespolitikarane gjera no?

Ny sjanse

— Dei må sjølvsagt gje Framnes den sjansen institusjonen har krav på, og «kjøpa» åtte plassar også for resten av dette kalenderåret, seier Vassenden.

— Men har ikkje Framnes fått mange nok sjansar?

— Ikkje etter Tyrilistiftinga har sagt seg interessert i samarbeid for å styrka det faglege nivået, seier Vassenden.

Dagleg leiar Ole Johnny Opkvitne er forundra over at rusvernkontoret ikkje ynskjer Tyrili sin kompetanse velkomen til Hordaland, men heller vil eksportera arbeidsplassar i rusomsorga ut av fylket.