• Vi veit ingenting om korleis veret vert i 2003. Det einaste vi kjenner oss nokså trygge på, er at oppvarminga av klimaet vil halda fram. Drivhuseffekten står ved lag.

— Men ut frå statistikk kan vi seia at når vinteren startar med kulde, slik det gjorde her vest før jul, så er sjansane større for at resten av vinteren held seg kald, enn at han slår over på mildver, seier Sigbjørn Grønås, professor i meteorologi ved Universitetet i Bergen, til Bergens Tidende.

— Når lågtrykka kjem inn frå havet og passerer sør for Noreg tidleg på vinteren, slik det stort sett har skjedd til no, er det ein tendens til at det held fram slik. Eit varsel for dei komande 14 dagane frå USA tyder på at lågtrykka frå Atlanterhavet vil halda fram med å siga inn sør for oss og inn over Europa. Der er det mykje mildver for tida.

— Men overvekta for ein framleis kald vinter hjå oss er likevel ikkje større enn ca. 55 mot 45. Dette syner kor usikkert det heile er, og vi må tilstå at det framleis er mykje med veret vi ikkje forstår fullt ut, seier Grønås.

Mindre kaldt enn før

— Ein lang kuldeperiode slik vi hadde i november og fram mot jul, skulle det ikkje verta slutt på slikt med eit varmare klima?

— Trass i dei mange vekene med kulde, står det fast at 2002 var eitt av dei aller varmaste åra både i Noreg og globalt sidan meteorologiske målingar tok til. Vi hugsar at sommaren var svært varm. Og det er gjennomsnittet av alle temperaturmålingane som syner at klimaet langsamt vert varmare. Veret i dei ulike årstidene vil halda fram med å variera på ein måte som vi ikkje kan spå. Men vi kan vel seia så mykje som at vintrane er mildare enn før. Framleis vil vi få kalde vintrar, men dei kalde vintrane vi har og vil få, er mindre kalde enn dei kalde vintrane vi hadde før.

Kosmisk stråling?

Dei siste månadene har regnbyer vore sjeldsynt på Vestlandet. Men det skuldast altså, ifølgje Sigbjørn Grønås, naturlege svingningar i veret som det er umogleg å ha oversyn over. Og Grønås kjenner seg trygg på at nedbør ikkje vert mangelvare her vest.

— Dei par siste åra har rapportane frå FN sitt klimapanel stadfesta den kunnskap vi hadde om drivhuseffekten. Mange seriøse forskarar held framleis liv i teorien om kosmisk stråling som årsak til at den globale temperaturen stig, men dei har store vanskar med å forklara dei fysiske samanhengane.

Nok nedbør

Dermed står vi att med menneskeskapt drivhuseffekt på grunn av utslepp av drivhusgassar som CO2, metan og andre. Og over nokre tiår vil det gje opptil 20 prosent meir nedbør på Vestlandet og på kysten av Troms og Finnmark. Truleg vert det ikkje særleg fleire dagar enn før med regn, men så vil det regna desto meir intenst når det først står på. Og ettersom temperaturen stig, vil mindre nedbør koma som snø, særleg på kysten.

I fjellet vil den auka nedbøren gje meir snø, fordi temperaturen der framleis vil vera låg. Det er dette fenomenet som har fått breane i Vest-Noreg til å auka over mange år, men variasjonane i veret er framleis så store at breane her vest dei to siste åra har gått noko attende.

VINTEREN ER HER: Ein kald start på vinteren aukar sjansane for at resten av vinteren og held seg kald, meiner meteorologiprofessor Sigbjørn Grønås.<p/> ARKIVFOTO