Gårsdagens rapport er den tredje i rekkja etter «Rocknes»-ulykka. Alle har det til felles at dei berre ser på enkeltsider ved katastrofen:

  • I juni presenterte ei arbeidsgruppe i Sjøfartsdirektoratet ei gransking av dei skipstekniske sidene ved havariet. Dei konkluderte med at båten ikkje var trimma og lasta i tråd med regelverket, og at tyngdepunktet var for høgt. Båten ville truleg kantra uansett, men ikkje så snøgt. Dermed kunne det vorte meir tid til å evakuere og berge liv.
  • I august la sjøfartsinspektør John Ramsøy i Bergen fram sin rapport. Han konsentrerte seg om navigasjonen og sjølve turen frå Eikefet. Om losens rolle skreiv Ramsøy: «I ettertid kan man si at han skulle ha anvist en kurs som lå midt i seilingsleden eller i alle tilfelle godt inne i den hvite sektoren fra Hilleren lykt når han loset et så stort, fullastet skip gjennom Vatlestraumen.» Samtidig viser han til at dei som stod på brua ikkje visste om grunna der det small.
  • Gårsdagens rapport vurderer oppmerking, lykter og losens innsats, men svarer ikkje på om Kystverket eller andre etatar kan klandrast.
  • Politiet er i ferd med å avslutte si etterforsking, med tanke på om nokon kan straffast etter ulykka. Også flaggstaten Antigua og Barbuda og klasseselskapet Germansiche Lloyds har varsla at dei vil kome med rapportar.

Krav frå mange kantar

«Rocknes»-eigar Atle Jebsen bad rett etter katastrofen regjeringa om å setje ned ein uavhengig granskingskommisjon, slik det vart gjort etter «Sleipner»-ulykka, for å få ei samla vurdering av alle sider ved ulykka. Han har nå, nesten eitt år etter, ennå ikkje fått eit klart svar på om dette vil bli gjort.

— Eg er svært skuffa over at det snart har gått eit år utan at eg har fått svar på kravet om gransking. Eg håpar framleis dette vil koma, seier Jebsen.

— No har gud og kvarmann kome ut med rapport og synspunkt der dei skal rettferdiggjera seg sjølv og reinvaska seg sjølv. Så det er verkeleg behov for ei uavhengig gransking av heile ulukka, seier Jebsen.

Sjørettsprofessor Erik Røsæg ved Nordisk institutt for sjørett har støtta kravet, det same har familien til kaptein Jan A. Juvik og Norges Rederiforbund.

Også Kystverk-direktør Øyvind Stene ser poenget med ei samla gransking.

— Vi ville ikkje sjå det som ein ulempe å få ei samla vurdering av heile ulykka, seier Stene.

Ligg i Justisdepartementet

Blant dei sidene som ikkje er offentleg granska så langt, er reiarlaget Jebsens interne rutinar, instruksar og prosedyrer for å ta vare på tryggleiken om bord på «Rocknes».

Informasjonsleiar Øistein Øisjøfoss i Nærings- og handelsdepartementet opplyste i går at spørsmålet om ei eventuell uavhengig gransking er sendt over til Justisdepartementet. Der kunne ingen i går svare Bergens Tidende på kvar saka står.