Både Frp og SV står framleis på vippen etter sine ekstraordinært gruppemøte og medlemsmøte måndag kveld. Det er ikkje mulig å få indikasjonar på kva veg dei kjem til å fatte vedtak.

Byrådspartia Høgre, KrF og Venstre er motstandarar av fusjonen, medan Ap er tilhengjar. Byrådet treng no støtte frå anten Frp eller RV og SV for å vinne fram med sitt standpunkt.

— Vi har hatt grundig gjennomgang med presentasjonar frå byrådsleiar Henning Warloe, og HSD og GAIA, opplyser gruppeleiar for Frp, Liv Røssland, som lovar at dei skal konkludere innan onsdag.

Eit slikt løfte kan ikkje SV sin gruppeleiar Oddny Miljeteig gje.

— Det kjem an på kva innspel vi får i dagane framover. I verste fall går diskusjonen inn i helga, seier ho.

Ho synest ikkje at nokon av tilboda eigentleg prioriterer kollektivtrafikken, men ønskjer å gjere ei avgjersle ut frå to jamstilte omsyn. Det eine er å sikre eit best mulig kollektivtilbod, det andre å sikre best mulig løns- og arbeidsvilkår for dei tilsette.

Tilbodet frå Bergen kommune om ei freding ut velperioden meiner ho ikkje er nok særleg godt tilbod.