Onsdag var både bygdene innover mot Maurangerfjorden i Kvinnherad kommune og innbyggjarane mellom Holmefjord og Holsund i Fusa isolerte, etter at vatn og ras tok med seg og sperra vegane. Onsdag føremiddag hadde mannskap frå Statens vegvesen rydda raset som gjekk ved Løfallstrand i Kvinnherad. Lenger inne i fjorden drukna ein foss ved Fureberg vegen, men vatnet forsvann i løpet av natt til torsdag.

Verre er det for innbyggjarane i Fusa som bur mellom Holmefjord og Holsund. Dei må rekna med å vera der dei er ei stund til, kanskje til søndag.

— Det er att ei smal stripe av vegen, så ein får inn forsyningar. Men det er ikkje mogleg å kjøra strekninga. Det siste eg høyrte, var at ein håpar å opna vegen søndag, seier vaktoperatør Marit Hove hos Statens vegvesen.

Også ved Årvik mellom Kvinnherad og Jondal var vegen stengd etter uvêret. Denne strekninga opna torsdag kveld.

— På Osterøy har eit ras stengt vegen mellom Valestrand og Mosevold. Og Nesttun-og Hopstunnelane er framleis stengde. Begge desse vegane håpar ein å opna fredag, seier Hove.

— Ein del stader er vegbana framleis innsnevra. Me har nok arbeid i ei veke før alt er heilt i orden att, seier byggeleiar i Statens Vegvesen Per Inge Naterstad.