Dette er klart etter at finanskomiteen på Stortinget i dag gjennomførde ei open høyring om saka.

Frp blir ståande åleine om framlegget sitt, men det kan tenkast at det vil bli visse endringar i dagens ordning. Fleire parti er opne for å gjere visse innstrammingar. Det gjeld representantar for både Høgre, KrF og Ap.

Korleis slike innstrammingar vil slå ut, er ennå ikkje klart.

Advokatane mot Ordføraren for saka i finanskomiteen, Gunnar Gundersen (H) seier for sin del at han kan tenkje seg ei regulering som gjer at den som søker innsyn, må gje seg til kjenne på same måte som når ein søker kredittopplysningar om ein person eller ei verksemd.

Under den opne høyringa var det berre Advokatforeningen som hadde berre negative synspunkt om dagens opne skattelister.

Skattebetalerforeningen, som i prinsippet er for hemmelege skattelister, vedgjekk at innsyn i skattelistene kan hjelpe til med å avdekke skattesnyteri og annan økonomisk kriminalitet.

Presseorganisasjonane argumenterte sterkt for opne skattelister.

Generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund framheva at offentleg innsyn er ein grunnleggande verdi i forholdet mellom borgar og samfunn. Han sa at media ved denne tilgangen får meir relevant informasjon, og at det er viktig for tilliten til skattesystemet.

— Kriminelt verktøy

Nestleiaren i Norsk Journalistlag, Thomas Spence, hevda at å stenge for innsyn i skattelistene vil gjere det vanskelegare for media å fylle samfunnsrolla. Han viste til fleire medieavsløringar frå seinare år av økonomisk kriminalitet der inngangen har vore opplysningar frå skattelistene.

I debatten om opne eller hemmelege skattlister har det vore framførd argument som at skattelistene blir utnytta av kriminelle i stort omfang.

Politidirektør Ingelin Killengreen opplyste at ein har hatt einskilde døme på at kriminelle har gjort søk i skattelistene. Men ho streka under at ein ikkje har materiale som viser eller kan underbygge at det her er snakk om ein tendens eller ein ny trend.

— Uavhengig av om ein har opne skattelister eller ikkje, vil personar som er ute etter verdiar, ha ulike kjelder til å skaffe seg informasjon, seier Killengreen. Ho vil difor ikkje trekke nokon konklusjon.

Riktig å ha opne skattelister? Sei di meining!