Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen får ros for å ha gått inn i sjukehusstriden i Sogn og Fjordane og sett partane i kvitauget. Overraskande nok er alle også rimeleg godt nøgde med det statsråden har sagt. Slik sett har Anne-Grete Strøm-Erichsen utført eit lite kunststykke på to dagar. Men om det er eit godt teikn, eit signal om fred, står att å sjå.

Statsråden hadde same bodskapen både i Indre Sogn onsdag og på Nordfjordeid i dag. Lokalsjukehusa skal bestå på lag som i dag. Dei skal ha akuttfunksjonar innanfor medisin, då må det også vere sengepost.

Det meste uavklara

Føden i Lærdal og Eid garanterer ho derimot ikkje for. Det vil vere avhengig av konklusjonane i det nasjonale fødeprosjektet. Om Eid i framtida også kan rekne med å få behalde sin akuttfunksjon i ortopedi, var ho heller ikkje klar på. Og funksjonar skal fordelast mellom sjukehusa. Så bortsett frå at det er avklara at det skal vere lokalsjukehus i Eid og Lærdal, og at dei skal ha medisinsk akuttberedskap, er det meste anna uavklara.

Både i Sogn og Nordfjord blir dette tolka slik at ministeren i praksis har skote ned det omstridde alternativet med sentralsjukehus i Førde og lokalmedisinske sentra i Lærdal og Eid. Statsråden har frå før teke livet av alternativet med nedlegging av dei to lokalsjukehusa. Den tredje vegen, nedbygging av Førde slik at fylket får tre lokalsjukehus, har styret sjølv avvist fordi det ikkje gjev nok innsparing.

Sidan ingen av dei utgreidde alternativa kan gjennomførast, meiner aksjonistane at no må Helse Førde rykkje tilbake, om ikkje like til start, så i alle fall ganske mange plassar.

— Eg ser det slik at dette besøket blei trekt opp nokre grenser for innhaldet i lokalsjukehusa. Eg reknar med at arbeidet med strategiplanen går vidare, men med dei avgrensingar statsråden la, seier vert for besøket, fylkesleiar Nils P. Støyva i Ap.

Lite prat om pengar

Det blei snakka mykje om gode helsetenester då Strøm-Erichsen var i Sogn og Fjordane. Pengar blei det prata mindre om. Det står derimot høgt på dagsordenen til Helse Førde.

— Signala vi har fått må og skal vi ta. Men vi har ei økonomisk ramme å halde oss til, understrekar styreleiar Clara Øberg.

Då blir spørsmålet: Kva strategi vil Helse Førde leggje seg på, når dei både skal følgje nye signal frå statsråden men framleis spare 150 millionar? Kva er alternativet når lokalsjukehusa skal bestå?

På Nordfjordeid såg ministeren i går ein tom institusjon. I fjor stod eit nybygg til over 20 millionar klart. Der skal det skje rusbehandling, men så langt har ikkje Helse Førde hatt pengar til å starte drift. Det er lettare å utsetje, enn å leggje noko ned.

Har du eit innspel i sjukehusdebatten? Skriv gjerne ein kommentar.