Mange unge som søkte høgare utdanning vart skuffa etter hovudopptaket for knappe to veker sidan. 29. juli vart det sendt ut nye tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak sitt suppleringsopptak, og no er det fleire som har fått oppfylt førsteønsket sitt.

I år er det sendt ut 3588 nye tilbod. Av desse er 1553 sendt til søkjarar som ikkje fekk tilbod i hovudopptaket, medan 1035 har rykka opp til eit høgare prioritert studieønskje.

Framleis står 5863 kvalifiserte søkjarar utan studieplass. På same tidspunkt i fjor var talet 5438.

— Nokre tusen kvalifiserte søkjarar kjem erfaringsmessig til å vera utan studieplass, seier informasjonsrådgivar Henrik Rødsæther i Samordna opptak.

Men framleis er det høve til å skaffa seg studieplass sjølv. Rødsæther fortel at det ligg fleire tusen ledige plassar på restetorget. Her kan ein få plass uavhengig av karakterane, men ein må fylla krava dei ulike utdanningane krev. Det vil seia at ein til dømes må ha minst 3 i matte og norsk for å kunne verta allmennlærar, og ein må ha realfagsfordjuping for å kunne starta på ingeniørstudiet.

Ein del ledig i vest

På Vestlandet er det framleis ledige plassar på ingeniørstudium både i Bergen, Førde og på Stord. Høgskulen i Sogn og Fjordane har òg ledige plassar mellom anna for dei som kunne tenkja seg å verta allmennlærar, førskulelærar eller studera økonomi og administrasjon. Høgskulen Stord/Haugesund har ledige plassar på mellom anna allmennlærarutdanning, faglærar i praktisk-estetiske fag, naturfag, engelsk og samfunnsfag - og Norsk Lærerakademi har ledige plassar på allmennlærarutdanning og kristendomskunnskap.

Framleis er det medisinstudiet i Oslo som har høgast poenggrense og lengst venteliste. 1148 medisinarspirar står framleis i kø. I Bergen er det 1003 som enno ventar i spaning. Det nye journaliststudiet i Bergen har 507 på venteliste og odontologi 352.

Nei til samfunnsfag

Samfunn er det utdanningsområdet som har fått flest nei frå studentar som har fått tilbod om studieplass. Likevel er det over 7000 nye studentar som er klare til å begynna på eit studie innan samfunnsfag.

Dei aller fleste utdanningsinstitusjonane sender ut fleire tilbod enn dei har plassar. Då BT snakka med viserektor for utdanning ved UiB, Leiv K. Sydnes, etter første opptaksrunde, fortalde han at dei hadde sendt ut tilbod til 5500 studentar sjølv om dei eigentleg berre har 3600 studieplassar. No er det 4460 som har takka ja. Men i følgje Sydnes plar ikkje alle som har takka ja, møta opp.

Høgskolen i Bergen har fått ja frå 1861 nye studentar, NHH frå 559 og NLA frå 435. Alle desse har fått fleire positive svar enn dei har studieplassar. Høgskulen Stord/Haugesund har fått ja frå 546 plassar, men har plass til 676, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått 688 positive svar til sine 676 plassar.