Etter synfaring, skulle kommunestyret på torsdag ta stilling til eit forslag om omregulering til bustadføremål.

Men med røystene til Arbeidarpartiet, Høgre, Upolitisk liste og den uavhengige representanten Per Roald Midtøy blei det med knapt fleirtal vedtatt at området framleis skal vera regulert til industriføremål. Mindretalet meinte at det har vore minimal aktivitet i industribygget på Bastaneset og at området eignar seg godt til budstadføremål.