Ulykka skjedde ifølgje politiet like før klokka fire fredag.

På Førde sentralsjukehus kan dei laurdag opplyse at tilstanden ikkje er endra for åtteåringen som vart skadd på Harpefossen skisenter på Eid.

Tilstanden er framleis alvorleg, men stabil, og guten ligg på intensivavdelinga på sentralsjukehuset.

— Bevisstlaus

– Ein gut på rundt 10 år køyrde på utsida av løypa og ned i eit elvefar. Han fall ein til halvannan meter og har slått seg i hovudet slik vi kunne sjå, seier Jarle Åsebø ved Harpefossen skisenter på Eid.

Åsebø kom til staden få minutt etter at ulykka skjedde.

– Då eg sat med han var han bevisst. Onkelen var den første som kom til staden, seier Åsebø.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane, var guten bevisstlaus like etter ulykka.

Luftambulanse

Guten vart henta med luftambulanse og frakta til Førde sentralsjukehus.

– Staden ulykka skjedde er ei skogsløype. Heldigvis brukar dei å reise fleire saman, så ein kamerat fekk varsla, seier Åsebø.

Førebels kjenner dei ikkje årsaka til ulykka.

Bare flekkar

– Det har vore mye regn den siste tida, og då blir det mindre snø utanfor løypene. Vi går heile tida over løypene, men det forandrar seg heile tida, og vi må følgje med på bare flekker som kan dukke opp, seier Åsebø.

Det var tryggleiksnett på staden der guten køyrde ut, men han køyrde gjennom nettet.

– Vi må sette opp meir tryggleiksnett der, seier Åsebø.

Heldigvis brukte guten hjelm.

– Eg vil oppfordre alle til å bruke hjelm. Han hadde det, og det hadde nok gått verre om han ikkje hadde hatt det. Det var og veldig bra at ambulanse og luftambulanse kom så fort. Eg veit ikkje akkurat kor fort, tid blir litt uverkeleg når en står i ein slik situasjon, seier Åsebø.

Førde sentralsjukehus opplyser seint fredag kveld at gutens tilstand er alvorleg, men stabil. Han har vore til operasjon og ligg no på intensivavdelinga på sjukehuset.

Øystein Torheim
Øystein Torheim