Fireåringen ligg no på intensivavdelinga ved Haukeland. Tysdag morgon får bt.no opplyst ved sjukehuset, at tilstanden til den vesle guten er alvorleg, men stabil. Fireåringen har brotkader i brystet.

Påkøyrd av lastebil

Ein fire år gammal gut er kritisk skadd etter ei trafikkulukke i Eikefjord i Flora måndag morgon.

Guten blei påkøyrd av ein lastebil. Ulukka skjedde like før klokka åtte på tunet framfor huset der guten budde. Det var far til guten som køyrde lastebilen.

Fireåringen blei send med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Han har fått skader i hovud og bryst, og tilstanden blir karakterisert som kritisk. Han vart seinare overført til Haukeland sjukehus.

Sjukehuset fortalde i kveld at tilstanden til guten framleis var kritisk, men stabil. Guten låg då på intensivavdelinga og skulle til operasjon.

Biltilsynet granska

— Det er førebels for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka. Politi og biltilsyn har granska ulukkesstaden, og me kan ikkje seie noko meir om hendinga før biltilsynets rapport er klar, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.