Den seks månader gamle guten vart send til Haukeland med helikopter saman med mora (26). Søndag formiddag er tilstanden til guten framleis alvorleg, men stabil, opplyser sjukehuset.

Mista mor

Tre barn mista mor si då kvinna døydde i ulykka i Granvin laurdag, stadfester politiet overfor bt.no. Det yngste av barna er i barnehage-alder, etter det bt.no får opplyst.

Kvinna var ute på biltur med naboar og vener då ulykka skjedde. Alle er irakiske flyktningar busett i Kinsarvik, ifølgje operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt. Politiet vil ikkje gå ut med namnet til den omkomne kvinna enno, av omsyn til familien hennar.

Artikkelen held fram under videospelaren.

Alle dei fire som kvinna sat saman med i bilen, er skadde:

  • Ei kvinne (26) vart sendt til Haukeland saman med sonen sin på seks månader. Sjukehuset opplyser søndag formiddag at guten sin tilstand framleis er alvorleg, men stabil. Kvinna slapp frå ulykka med lettare skader.
  • Ei kvinne (46) er alvorleg skadd, men tilstanden er stabil. Ho får no behandling på intensivavdelinga på Voss sjukehus.
  • Bileigaren (37) vart lettare skadd. Han er også på Voss sjukehus.Sjåføren i den andre bilen, ein mann på 32 år, var åleine og kom frå ulykka med berre småskrammer. Han har reist heim etter ein tur innom den lokale legevakta, får bt.no opplyst av familien hans.

Ulykka vart varsla klokka 11.39. Luftambulansen landa rundt klokka 12. Kollisjonen mellom dei to bilane skjedde på Rv 13 mellom Voss og Granvin, ved nedre del av Granvinvatnet.

Artikkelen held fram under videospelaren.

Vegen opna

Vegen vart stengt ved Gullhammartunnelen, men vart opna att ved 15-tida. Det var omkøyring via Rv 572 gjennom Espelandsdalen, melder Statens vegvesen.

Politiet veit førebels ikkje noko om årsaka til ulykka, men stadfester at det var ei møteulykke og at det er glatte parti i vegbanen i området.

Ifølgje avisa Hordaland skal den eine bilføraren ha mista kontroll over bilen og køyrd sidelengs mot den møtande bilen.

Saka blir oppdatert.

bt.no rettar: I ein tidlegare versjon av artikkelen sto det at den omkomne var åleine i bilen. Denne informasjonen var ikkje korrekt.

ARNSTEIN KARLSEN
Sonja Ystaas