Det vanlege helikopteret, ofte omtala som vår moderne kløvhest, vart som reine myggen å sjå til, der det svinsa i fjellområdet ved Rogn, Bordalen i Voss, i går ettermiddag.

Myggen heldt seg på respektfull avstand frå den svære russiske gampen som flaug inn eine kjempelasta etter det andre. Men sjaklar og stropper kunne det vesle helikopteret kjapt og effektivt hjelpa til med.

I løpet av ein time hadde den russiske bjørnen gjort tre turar inn i fjellheimen, og returnerte til Rong, først med ein svær borerigg under buken. Deretter ein hjullastar og eit monster av ein gravemaskin.

Boreriggen kom utan lodd, hjullastaren utan skuffe og gravemaskinen utan lodd. Slikt småtteri er teke ned frå fjellet, bit for bit med mindre helikopter, og for lengst sendt til ny anleggsplass austpå.

Etter ein bunkringspause vart enda ein hjullastar og ei gravemaskin, mindre enn den første, men heil, henta ned frå fjellet i hiv nummer fire og fem.

Fem korte turar var det som skulle til når hestekreftene er mange nok. Eit Bell 214, med løfteevne mellom 2,5 og 3 tonn, måtte ha gjort førti turar. Eller så måtte ein venta på snøen og laga vinterveg. Det var slik anleggsmaskinene vart slepte til fjells ved anleggsstart for halvtana år sidan.

— Det var bråket for eit allereie støyplaga Ålvik-samfunn, alternativt stor slitase på naturen, som fekk oss til å vurdera leige av det store helikopteret, fortel NCC sin prosjektleiar for Ålvik-anlegget, Trygve Sæbø, til Bergens Tidende. Stykkprisen for kvart løft er 10.000 dollar, altså bortimot 400.000 kroner for jobben som vart gjort unna på rekordtid på Voss i går.

Dette er likevel berre to promille av anleggsbudsjettet som Statkraft SF har for ombygginga av Ålvik kraftverk.

Tilflygingskostnadane kjem i tillegg. Dei skal NCC dela med Taubane Teknikk AS som er engasjert i skiheisbygging i Åre og på Gaustadblikk. Jobben på Voss vart plassert innimellom desse to heisprosjekta. Grunnen til fleire vekers utsetjing, skal vera at skiheisbyggarane venta på vitale deler levert frå underleverandørar i Mellom- og Sør-Europa.