Ein langvarig nabokonflikt i bustadområdet kulminerte sist vår med at 54-åringen tok oppstilling i oppkøyrsla til huset der han bur med eit våpen i tverrstilling, samstundes som han stirte på ein nabo rett over vegen.

Våpenet, som 54-åringen hadde løyve for, var ladd med tomhylser. Ifølgje dommen til Sunnhordland tingrett skal rifla Staten inndragast, ettersom våpenet er nytta til lovbrot.

54-åringen har forklart at han berre heldt på med å sjekka våpenet.