— Før var her ei idyllisk utmark og fine badeforhold i sjøen, seier Bjørnevik.

85-åringen har lært seg til å leva med den døgnkontinuerlege ferje- og biltrafikken. Men vaknar likevel om natta når ferjelemmen smell idet bilane køyrer på land.

Trass i at han har fått øydelagt både naust og båt som følgje av dragsug frå ferjene, er han ikkje negativt innstilt til naboskapen.

— Me har no den fordelen at Kystbussen går forbi her. Det er greitt når me skal på gjesting til slekta i Stavanger.

— Og utviklinga må gå sin gang. Det blir elles ein fordel for oss ettersom det nye ferjestøet blir flytta lengre bort frå huset. Når Langenes blir planert får me jo óg sjå heilt til Stordøya, seier Johannes Bjørnevik, tidlegare tømrar og vaktmeister.

FERJENABO: Johannes Bjørnevik (85) har levd tett og for det meste uproblematisk med ferjetrafikken på Halhjem sidan dei første ferjene tok til å gå i 1963.<p/> FOTO: OVE A OLDERKJÆR