Litteraturprofessor Otto Hageberg frå Fitjar vart fascinert av Skredes lyrikk lenge før han ante noko om forhistoria hans. Denne fascinasjonen har aldri blitt borte, og resultatet av arbeidet med dette betente livet er biografien «Svidd sjel», som også rører ved noko viktig i norsk pressehistorie, rettshistorie, mentalitetshistorie og kritikkhistorie.

Endå om Hageberg prinsipielt er skeptisk til å bruka dikt som kjelder til innsikt om det personlege, påstår han at det finst svært nær samanheng mellom liv og dikting i Skredes tilfelle. Han meiner at kunnskap om livet til Skrede opnar somme av tekstane hans på ein spesiell måte, slik også tekstane kastar lys over diktaren og fortel nokså direkte om indre spenningar i livet hans.

Fødd med «svidd» sjel

Den «svidde» sjela trur Hageberg at Ragnvald Skrede (1904-1983) var fødd med. Tilhøvet mellom foreldra hans var beiskare enn beiskt, og delar av det — også sjukejournalar - vart bretta omsynslaust ut i pressa. Far hans, skulelærar og klokkar, var den første skilde mannen i Vågå. Og mora, som guten budde saman med, fór nesten på legd i fleire år før ho fekk fast husvere.

Heile bygda hadde ei meining om Skrede-familien, anten dei heldt med mora eller faren. Betre vart det ikkje då ein eldre bror til diktaren i 1924 vart dømt for eit bestialsk drap med seksuelle overtoner.

— Ragnvald var fødd inn i eit familiehelvete. Dette avleira seg i moras sinn og vart vidareført til den lynande intelligente sonen. Sjela var «svidd» alt før fødselen, seier Hageberg.

Ærgjerrige Skrede var på veg mot toppen, jamvel i Vågå der heile familien var utskjemd, då katastrofen råka han. Han hadde vunne ry som ein uvanleg dyktig pedagog, og i heimbygda var han førstelærar, klokkar, skulestyreformann og lokalpolitikar med utsikt til å bli Ap-formann og ordførarkandidat.

Dommen

Men våren 1936 vart han skulda for å ha hatt utuktig omgang med tre av elevane sine i 7. klasse. Han hadde òg gjort det uhøyrte å ha to timar seksualundervising, heilt etter eige hovud, og der både gutar og jenter var til stades samstundes. Det blei teke ut tiltale, ikkje mindre enn 69 vitne var innkalla, og retten kjende Ragnvald Skrede skuldig på åtte av nitten tiltalepunkt. Han vart dømt til tre års fengsel, ti års tap av statsborgarlege rettar og livsvarig forbod mot å praktisera som lærar.

Saka fekk store og til dels sensasjonsprega oppslag i hovudstadspressa og i lokalavisene. Namnet Skrede var nærast synonymt med skam i mange krinsar.

Otto Hageberg er ikkje overtydd om at dommen var rett, men han vil ikkje vera med på at han i boka freistar sannsynleggjera at Skrede var uskuldig i hovudtiltalepunkta.

— Eg kan ikkje frikjenna han. Skrede vart dømt etter dei rettsreglane vi hadde den gongen. Men eg ser ikkje bort frå at saka ville blitt annleis behandla om han hadde blitt teken opp igjen.

Det ingen snakka om

— Gabriel Langfeldt, psykiateren som ti år seinare stempla Knut Hamsun som ein mann med «varig svekkede sjelsevner», spelte ei viktig rolle også i Skrede-saka?

— Det kan ikkje vera tvil om at hans vitneprov var avgjerande. Hans vurdering av kor truverdige jentene var som skulle ha vore utsette for utukt, la retten stor vekt på. Men den tolv sider lange teksten hans er problematisk, og han hadde ikkje sjølv snakka med jentene, berre observert dei i retten. Då Skrede ville ta til motmæle, nekta lagmannen han å krysseksaminera Langfeldt.

At barndomsopplevingane, broren som drapsmann og rettssaka må ha sett spor, treng ingen tvila på. Hageberg kjenner seg òg viss på at det traumatiske har fått djupe nedslag i diktinga, som Skrede for alvor tok til med rett etter krigen. Men det sette truleg ikkje berre spor i han sjølv. Saka vart eit tabu, noko mange kjente til, men ingen snakka om.

— Eg trur ikkje dei første bøkene hans ville fått ei slik enorm mottaking om det ikkje var for at kritikarane visste noko dei ikkje kunne skriva. Den første samlinga frå 1949, med den talande tittelen «Det du ikkje veit», var ikkje god.

«Livet er blodig og sælt»

— Du skildrar han som tvetydig med omsyn til si eiga historie: «Han lever av å gjennomarbeida offentleg, men hemmeleg, det som han ikkje kan røpa, men som det er nødvendig for han at andre veit om.»?

— Det er noko i han som vil få fram - men samtidig halda unna - sanninga om hans eige liv. Dersom andre sa direkte det han ville ha fram, blei han rasande. Han openberrar, samstundes skjuler han. Heile tida er det ei spenning mellom tilbakehalding og røping. Eg trur det er godt mulig å lesa diktet «Palimpsest» som uttrykk for det same. «Du ser denne tekst/ Men under den finst ei anna», heiter det i opningslinene. Overflateskrifta er berre ei maskering, skriv han.

— I 1951 oppgir han som livsmotto ei line frå sitt eige dikt, «Besseggen»: «Livet er blodig og sælt». Kor karakteristisk er dette for Skrede, trur du?

— Dette er nok sagt av ein som liker å stå i strid, men eg oppfattar det ikkje som at sjølve striden er det sæle. Skrede var ein kampnatur alt før den traumatiske rettssaka, han hadde òg ein vitalitet av dimensjonar. Og ei enorm sjølvkjensle.

Innsiktsfull kritikar

— Då han er vorten ein respektert kritikar og har fått ut fleire diktsamlingar, omtalar du dette som Skredes «hemn». Er det ikkje heller tale om oppreising?

— Oppreisinga var nok det viktigaste for han. Men eg trur at det i dette låg eit element - om ikkje av hemn, så av glede over å kunna visa seg fram, la dei sjå at han ikkje var knekt. Men du ser veldig lite av at han går fram i open triumf.

Om kritikaren Ragnvald Skrede nyttar Hageberg store ord. Skrede var fast tilsett i VG og etter kvart i Dagbladet i om lag femten år. Om ikkje alt er like lysande, held Hageberg han for å vera den mest allsidige norske kritikaren i si tid.

— Han kunne skriva like innsiktsfullt om lyrikk og romanar, om litteraturfaglege bøker og essayistikk. Dessutan var han veldig godt orientert i ulike nasjonallitteraturar og i tillegg den fremste kjennaren av den nynorske diktinga. Jo, Skrede var ein god kritikar. Men også i kritikkane hans finn vi stundom undertekstar som viser til det personlege traumet.

Inga forsoning

— Du skildrar sinnet hans som «knudret og vanskeleg»?

— Det trur eg verkeleg! Han kunne vera veldig autoritær og veldig streng og var ikkje alltid like god å ha med å gjera - jamvel for dei som ville han vel.

— Diktinga hans tyder ikkje på at han vann fram til noka forsoning?

— Det finst dikt i dei siste samlingane som har noko forsonande ved seg. Alt på sekstitalet, då barnebarna kom, dukkar det opp eit ja til livet som eg trur heng saman med livssituasjonen hans. Men full forsoning nådde han aldri fram til. Han såg verdiar i livet, men ikkje så mykje i det moderne samfunnet. Og det fanst ein god del aggresjon i diktinga hans like til det siste.

— Kva for plass vil du tildela Ragnvald Skrede i litteraturhistoria?

— Eg vil stilla han saman med Olav H. Hauge som ein representant for den heroiske individualismen. Då tenkjer eg på delar av det som vart introdusert via dei franske eksistensialistane, med mennesket som står åleine i den moderne verda med sitt val. Det er dømt til å tapa, men impulsen til aldri å gje opp driv det heile tida vidare, som Sisyfos.

Spør du meg kor stor Skrede er som diktar, lyt eg konstatera at plassen han har fått i litteraturhistorieverka er liten. Og det er knapt skrive artiklar om han dei siste tjue åra. Kanskje vil boka mi vekkja interesse ikkje berre hos dei som las han før. Eg synest Ragnvald Skrede var mellom dei fremste i norsk lyrikk i si tid.

BIOGRAFEN: Litteraturprofessor Otto Hageberg lanserer Skrede-biografien i Vågå 8. august.