Nevøen vart stukken ned rett før han skulle på scenen under ein popkonsert like over nyttår. 13 knivstikk var meir enn legane på sjukehuset kunne rå med, og han døydde eit par dagar seinare.

Meldingane heimanfrå er nifse for den unge mannen som etter mykje styr fekk turistvisum rett før jul og kunne helsa på familien til kjærasten Åshild Steine i Norheimsund.

Kan bli bandekrig

Nettutgåva til avisa Jamaica Star fortel om brutal vald i hovudstaden Kingston sine sørlege bydelar.

I ein kultur der blodhemn ikkje berre høyrer ei fjern fortid til, kan det vera meir vald i vente.

— Mykje tyder på at nevøen min vart uskuldig offer for ein hemnaksjon, seier Phillip Wallock.

Nevøen, som er busett i England, men vitja mor si på Jamaica, vart frårana om lag 12.000 kroner utanfor ein bank der han veksla pengar. Få dagar seinare vart mannen som utførte ranet, skoten ned og drepen.

Teorien er at banden som den drepne ransmannen tilhøyrde, må ha oppfatta drapet som ein hemn for ranet, og hemna seg med kniven. Spørsmålet er kor mykje meir vald denne valden avlar.

— Det plar roa seg ned etter nokre månader, seier Phillip til Bergens Tidende.

Idylliske Hardanger

I Norheimsund går alt så mykje fredelegare for seg. Phillip synest han er blitt godt motteken. Han har smakt på julematen og studert norske juleskikkar.

Bestemor til Åshild har strikka sokkar til han, med jamaicanske flagg. Det kan han trenga, som kjem frå eit land der temperaturen sjeldan går under 20 varmegrader om vinteren, godt over 50 på det varmaste om sommaren. Då blir sjølv Norheimsund kaldt. Ei varm lue er trekt godt ned over kunstferdig fletta hårfrisyre.

Han synest det er rart at nesten alle husa er bygde i tre, at politiet ikkje ber våpen, og at det ikkje finst militære i Grova.

Frisk seilas

Nyleg inviterte Tron Bach ved Sandven Hotell på båttur og gourmet-middag. Sidan lyset gjekk i Kvam, enda ein gong, vart det ekstra romantisk i lysskjæret frå peisen og mange stearinlys. Kjøkkensjef Endre Herfinndal Magnussen er reine trollmannen til å dandera reinsdyrfileten.

Båtturen måtte Åshild stå over. Asmatikaren brygger på enda ein lungebetennelse. Snøfluksene piskar mot fjeset når hestekreftene i vassjet-motoren sparkar frå. Resten av kroppen er godt verna i overlevingsdrakta.

Den opne båten er blitt eit populært innslag blant bre- og fjellvandrarar til liks men heilt vanlege hotellgjester. Phillip er vand med raske båtar, men langs heilt andre og glovarme strender, slett ikkje i snøkave på iskaldt fjordvatn.

Litt turistinformasjon vankar det også, når hotellvert og skipper Tron Bach snakkar seg varm utfor historiske Vikøy i ettermiddagsmørkret.

Har livet kjært

Planen var å reisa attende til Jamaica 15. februar, men valdsbølja gjer det lite lysteleg.

— Eg har ikkje helse til å vera her i landet om vinteren, men no går det vel snart mot varmare tider, og ein lungebrann meir eller mindre er betre enn ei kule, resonnerer Åshild.

Ho vonar at styresmaktene også let Phillip vera nokre månader til.

— Så UDI var inne på noko då dei hevda at jamaicanarar ikkje reiser heim att når visumtida er ute?

— Det kan du seia, men gudane skal vita at ran og drap ikkje var planlagt eller ønskt, understrekar Åshild Steine.

BESØK: Åshild Steine i Norheimsund har besøk av kjærasten Phillip Wallock frå Jamaica. blir påspandert båttur og middag av Tron Bach på Sandven Hotell.<br/>Foto: ARNE HOFSETH