Fredheim vart bygd i 1918. Det er eitt av sju bedehus i Fusa. Berre Eikelandsosen var tidlegare ute enn Vinnes.

Dei gamle tømmerveggene kan fortelja om song og musikk, møte og vekkingar, flammande talar og lågmælte vitnemål, basarar og åresal, søndagsskule og juletrefestar, gravferdssamlingar og 17. mai-feiring, sosialt samvær og åndeleg fellesskap. Her har vore syskule, sløydskule og framhaldsskule. Og sommaren 1940 vart det teke til losji for tyske soldatar.

Vekking

Bedehuset på Vinnes er resultatet av ei vekking i bygda i 1915. 3. juledag 1914 kom emissær Mons Haarvik til Vinnes. Han var sekretær i Bergen krins av Kinamisjonen (i dag Misjonssambandet) i mange år og reiste rundt i distriktet som talar. Han fekk halda møte i skulehuset, som var det einaste offentlege forsamlingshuset på Vinnes den tida.

99 møte

Haarvik fekk med seg musikklaget i bygda. Jakob Straume skriv i boka ”Kristenliv i Bjørgvin”: ”Det vart reine festen som tok til klokka fem. Det vart mykje folk, og musikklaget gav mange nummer. Haarvik heldt fleire talar av ymse slag, og folk lika seg. Det braut ut ei stor vekking over bygda, og Haarvik heldt 99 møte frå jul til påske.”

Kinamisjonslag

Vekkinga førte i første omgang til at Nesets Kina— og Indremisjonslag vart skipa i 1915. Mellom dei som vart med der, var 27-åringen Haldor Dalland (1888-1973). Han hadde vore ei drivkraft i ungdomslagsarbeidet på Vinnes, og hadde alt sytt for å skaffa tomt med tanke på å byggja eit ungdomshus eller bygdahus. No trekte han seg frå det frilynde ungdomslaget og gjekk i staden i bresjen for bedehus.

Bygging

Arbeidet tok til 3. pinsedag 1918, og 16. oktober same år vart ”Fredheim” vigsla av Andreas Lavik. Bygdahuset vart ikkje innvigd før i 1963.

Eldsjeler i arbeidet var Haldor Dalland, Lars Dalland og Magnus Skaathun, men det er Engel Dybevik som vert omtala som ”headbas” for bedehuset. Han fekk arbeidet i gang. Han fekk utvalde materialar i frå byd’n, ”så det var ikkje noko rusk det var oppsett tå”. Huset vart eit godt tømra hus. Byggjestilen er inspirert av nyklassisismen, og huset har eit enkelt formspråk.

Gåver og lån

Kostnaden med bygginga var kr 11 500. Det vart gitt mange og dels store gåver, men det måtte takast opp eit banklån for å greia kostnadene. Første gongen lånet vert nemnt i møteprotokollane er 1929. Då var lånesummen kr. 3150. Banklånet vart nedbetalt i løpet av 1943 og bedehuset var skuldfritt.

Tre formenn Engel Dybevik vart første formannen – 1918-1929. Sidan har det berre vore to andre formenn i bedehuset: Haldor Dalland 1929-1958 og deretter sonen Hans Dalland.

Dei ymse styra for bedehuset fram gjennom åra har hatt ei tredelt oppgåve: For det første skulle dei vera tilsynsmenn- og kvinner for det åndelege livet i bedehuset. For det andre fungerte dei som vaktmeistrar, og for det tredje som forretningsførarar med ansvar for å halda styr på drifta og ikkje minst å skaffa inntekter.

Dugnad

Mykje vedlikehaldsarbeid er utført på dugnad fram gjennom åra. Her er nokre drypp frå møteboka: I 1933 vart benkene vølte, året etter vart galleriet panelt av. Benker og golv vart måla i 1938. I 1966 planla dei lakking, ”då golvet i småsalen og gangen er mykje slite”. I 1968 vart bedehuset måla av fagfolk: Jon Rusås og Sigurd Ragnhildstveit stod for arbeidet, og kostnaden var 940 kroner og 5 øre. Året etter kjøpte dei inn stolar med smalpult i småsalen - til kr. 62,85 per stykk.

Modernisering

I 1949 vedtok styret å leggja inn elektrisk leidningsnett til ljos og ”um mogelegt få fyrebels kraft frå det private ljosverk”. Til dette storarbeidet vart det teke opp eit lån på 1000 kroner. Det elektriske ljoset er på plass året etter, men oppvarminga skjer framleis på gamlemåten: ”Andreas Rein legg i ovnen for kr. 1 per møte”.

Dei fleste bygdene i Fusa fekk elektrisk straumforsyning gjennom Strandvik, Fusa og Hålandsdal Kraftlag i 1952. I 1958 fekk bedehuset elektrisk oppvarming. Til jul 1964 vart kjøkkenet modernisert: Det var plata, og det var sett inn elektrisk kokeplate. Det som no mangla, var innlagt vatn og toalett.

Vassmangel

I 1967 kom det skriv frå Fusa helseråd om toalett i forsamlingshusa i Fusa. Bedehusstyret fekk ordna avtale om grunn til toalettbygg austom bedehuset, men dei fekk ikkje noko løysing på vasspørsmålet. I 1970 er ein kome så langt at ein vedtek å prøva å få teikna og kostnadsrekna eit sanitæranlegg. Det vart aldri noko av, og det er ei av årsakene til at det er vanskeleg å nytta huset til fast aktivitet i dag.

Verneverdig

Det var i mange år stor aktivitet i bedehuset med møte, basarar og festar, song og musikk. Men samfunnet har endra seg mykje sidan nokre ihuga misjonsvener bestemte seg for å byggja bedehus på Vinnes. Aktiviteten har stilna her som i mange andre forsamlingshus. Men ”Fredheim” er framleis eit vakkert bygg og eit verdfullt kulturminne. I 1998 vedtok Fusa kommunestyre Kommunedelplan for kulturvern. ”Fredheim” er eitt av to bedehus som står på lista over verneverdige bygningar i Fusa.

Det har vært mykje aktivitet i det verneverdige bedehuset Fredheim.
Vangsnes