Ellevset er for tida tilsett som rådgjevar ved Verdsbankens hovudkontor i Washington. Der arbeider han med vegsaker, særleg i utviklingsland. I to periodar har han og vore vegdirektør i Tanzania.

Han har og vore vegsjef og distriktssjef i Aust-Agder.

Olav Ellevset er 61 år gammal. Han tek over stilinga etter Ole Chr. Torpp, som sist sommar vart trafikkdirektør i Vegdirektoratet. Ellevset går inn i si nye stilling 1. januar 2008. I mellomtida er Signe Eikenes fungerande regionvegsjef.

NY VEGSJEF: Olav Ellevset går frå Verdsbanken til å bli vegsjef på Vestlandet. FOTO: STATENS VEGVESEN