Stor var overraskinga då dei under eit museumsbesøk fann ein kval — frå Sotra!

Vel heime i Norge igjen, fortel Grindheim den forunderlege historia til Tett på-redaksjonen:

«På turen hadde me planlagt ein tur innom Narodni muzeum i enden av Václav-plassen (Vaclavske namesti - Prahas knutepunkt og sosiale sentrum).

På museet skulle det vera ein zoologisk avdeling, med blant anna skjelett av ein stor kval. Etter å ha gått gjennom mange svært interessante salar kom me omsider også til rommet med skjelettet av den store kvalen. Skjelettet var stort og langt - 22,5 meter - og vog over fire tonn.

Det var ikkje så mange plassar med tekstar på engelsk på museet, men ved kvalen fann me eit slikt skilt. Stor var overraskinga då me fann ut at skjelettet av kvalen stammar frå Lyngøy i Øygarden og vart frakta langt inn på Kontinentet til Praha i 1888. Kona mi, Ruth Sæle, er frå Nordre Sæle i Øygarden og nesten nabo til Lyngøyno.

Kvalen hadde stranda på Lyngøy i 1885 og vart kjøpt inn av museet for ein ganske stor pengesum.

Med helsing Leif Grindheim, Ve, 5590 Etne.

PS! Det var eigentleg ikkje lov å ta bilete, men ...»

IMPONERANDE: Rart å tenkje på at ein kval som har symd rundt utanfor Øygarden på Sotra, no heng som skjelett oppunder taket på eit museum i Praha.<p/> FOTO: LEIF GRINDHEIM