NICHOLAS H. MØLLERHAUG

Søster Presanta, som er priorinne i Bergen, var ei av 300.000 som drog til Roma til saligkåringa. Då ho dukka opp på Petersplassen 19. oktober, var det ein ting det var naturleg å snakka om — Nygårdsparken. Koplinga Nygårdsparken og Petersplassen var faktisk heilt naturleg.

Arbeider i parken

Nygårdsparken er ein av stadene der dei fire Mor Teresa-nonnene i Bergen arbeider. Parken er rekna som ein av idyllane i Bergen og var klosterhagen til nonnene som før budde i Parkveien. I mange tiår heldt Fransiscus-søstrene til i ein villa like ved Nygårdsparken. Synonymt med spaserturar i Nygårdsparken ein søndag var synet av nonnene som hadde fridag. Medan Mor Teresa-nonnene har kvite sariar, hadde dei andre grå drakter. Synet av ein nonnedrakt er som synet av eit eksotisk dyr og får ein til å glede seg over mangfaldet blant menneske.

Det er i dag lenge sidan Nygårdsparken var ein stad familiar trygt kunne myldre på søndagane. Mange er redde for å gå i parken - særleg åleine. Sjølv om det er midt på dagen held folk seg unna. Nonnene har derimot halde fram med å vanke der. Det gjorde dei gråkledde, og det gjer dei kvitkledde Mor Teresa-nonnene no. Dei ser junkiane i parken som ein del av si verd. Dei er ikkje der for å omvende dei, men for å vere med dei.

Gjensidig respekt

Inntil dei siste St. Fransiscus-nonnene flytta frå Parkveien, gjekk dei eldre og staute nonnene dagleg trygt gjennom Nygårdsparken. Dei snakka med gjengen der, og respekten var gjensidig.

Avdøydde Søster Bernarda var ei av dei leiande i klosteret der. Ho fortalde ofte om kor gode menneske junkiane eigentleg var. Ho fortalde om gongar ho og hennar medsystrer fekk hjelp av ein narkoarm med mange nålestikk i. Særleg når det var glatt ute og dei skulle i kyrkja, fekk dei ofte hjelp av typane i parken. Dette inntrykket har også Mor Teresa-nonnene fått frå første stund. Det gjer at dei gler seg til kvar gong dei skal opp i parken. Difor er det naturleg å tenkje på det på Petersplassen.

Hugsar godt nonnene

«Rolf» har frekventert narkomiljøet lenge og hugsar godt dei grå nonnene som kom i parken. Rolf kallar dei små, grå mus med eit smil om munnen. Han og kameratane vart lei seg når dei fekk vite at dei førre nonnene måtte flytta.

— Dei var jo som mødrer for oss, seier Rolf. - Den trygge forma for omsut dei gav var utruleg. Dei var naturlege mot oss. Dei var ikkje slik mot oss fordi me var ein del av «jobben deira». Med dei var me ikkje klientar, men vener. Då Mor Teresa-nonnene kom, vart me nesten litt sjokka. Me hadde aldri sett slike før, og dei såg spesielle ut med dei indiske draktene. Dei er faktisk utrulege. Dei kjem ofte opp hit, og det er det dei er her for å gjere. Eg har høyrd at dei ikkje er gifte og eig like lite som oss. Av og til har dei mat med til oss, og så smiler dei og gjev oss små ting. Ein dag kom dei opp med rosenkransar. Dei er jo fine som smykke.

Rolf har ikkje tenkt på at desse systrene er ein del av ei enorm rørsle med heile 6000 nonner. Ei rørsle som er motivert av Mor Teresa og hennar ideal. Kritikarane kan diskutere ideala, men at dei fungerer, er det ikkje tvil om.

Det var også motivasjonen for eit hav av menneske på Petersplassen denne søndagen i oktober.

— Det gjev så mykje å få oppleve dette, kommenterte ei smilande Søster Presanta midt i ein munter gjeng med nonner på Petersplassen. - Dette kan eg ta med meg heim til Bergen og dele med andre - både i Nygårdsparken og i Bergens-gatene.

PÅ PETERSPLASSEN: Den indiske Mor Teresa-nonna Søster Presanta frå Bergen på Petersplassen under saligkåringa av Mor Teresa 19. oktober.