HENNING A. HELLEBUST henning.hellebust@bt.no

To dagar seinare sette han gevinsten på spel på bergens-kafeen Aspendos. Før det kameratslege oppgjeret på Aspendos i går kveld, sat Snorre Rotbæk med ein feit bunke dollar. 22. plassen i poker-VM er verdt 50.000 kroner. Skal bunken vekse eller minke mot kameratane, berre få dagar etter at han knuste nokon av dei beste pokerspelarane i verda?

Det er tysdag, Binions Casino, Las Vegas. 20.000 kroner hadde han betalt for å delta i "Texas hold'em", ei av dei mange pokergreinene. 441 smalaugde spelarar sat klar rundt bord ni. Problemet var Rotbæk hadde misforstått tidspunktet. Han møtte ein halv time for seint. Av startpotten på 2000 dollar var allereie 250 blitt spelt vekk.

— Det var ein litt skremmande start, seier han.

Men no er det visst slik at dei beste spelarane i verda ofte kjem ei stund for seint, for å psyke ut bordet. Når Rotbæk attpåtil hadde eit kamerateam i hælane, som lagar dokumentarfilm om den doble norgesmeisteren, er spørsmålet kven starten var mest skremmande for.

For potten vaks snart. På det meste hadde Rotbæk leikepengar til ein verdi av 45.000 dollar. Spelar du deg tom for pengar er du ute. Den siste som sit att, tek alt og er verdsmeister.

Eit av dei mest nervepirrande sekunda var då ein heilt ny spelar ved bordet baud alt. Rotbæk tenkte lenge, helt til han vart klokka. Han hadde ti sekund på seg til å bestemme om han ville trekke seg eller sjå korta til motstandar. Han bestemte seg for å sjå.

— Der dobla eg, seier Rotbæk, og fortel om då nesten det same skjedde mot verdsmeisteren.

— Då heiv eg meg. Han hadde par ess, medan eg hadde par seks. Eg tenkte at han måtte ha veldig høge kort, og det var rett, seier Rotbæk.

No er han tilbake med "treningsgjengen" på Aspendos. Han fortel at bergensarar er flinke i poker, så det er nok å bryne seg på. Dei siste meldingane frå spelelokalet i går kveld, tyder på at Rotbæk ikkje er i ferd med å krympe dollarbunken.

HOS KAMERATANE: I går var Snorre Rotbæk tilbake hos kameratene på Aspendos i Bergen. Sist veke vann han 50.000 kroner i poker-VM.