— Eg fann ut at det ville vere tryggare på Voss. Siste tida av svangerskapet var det godt å vite at eg skulle føde på eit sjukehus der eg ville ha nødvendig hjelp rundt meg, dersom det skulle oppstå komplikasjonar. Ein fødsel er ille nok i seg sjølv. Det skal ikkje vere slik at du i tillegg til fødselen, også skal måtte tenkje på og uroe deg over at du kanskje må ut på vegen eller opp i eit helikopter når det står på som verst, seier dei nybakte mora.

«Overtid»

Sjølv om ho hadde eit fødetilbod berre nokre steinkast unna, valde ho den timelange bilturen til sjukehuset i nabofylket.

— Alt rundt fødetilbodet her i Lærdal har vore så usikkert. Eg visste ikkje korleis det ville vere med føden her.

Å reise frå Lærdal til Voss for å føde, kan i utgangspunktet samanliknast med å gå over bekken etter vatn. Men slik kjende ikkje 25-åringen med termin 2. juledag det.

— Det er heile tida blitt sagt at frå 1. januar skulle det vere ei fødestove på sjukehuset her. Hadde eg gått nokre dagar over tida, kunne eg risikert at fødeavdelinga var erstatta med ei fødestove. Den sjansen ville eg ikkje ta, seier Sætervik.

Aldri i tvil

Så i åttetida juledagsmorgonen bar det difor av garde i bil til Voss, i staden for dei hundre meterane til sjukehuset i Lærdal. Vel åtte timar seinare, nøyaktig kl 16.17, kom ei 3260 gram tung og 48 cm lang jente til verda på Voss sjukehus.

— Ho skal heite Helga Therese, oppattkalla etter begge bestemødrene, fortel Vigdis Sætervik.

Den knapt 14 dagar gamle jenta veks og trivast.

— Ho er stort sett snill og grei. Ho søv heile natta, og mykje av dagen, er attesten frå mora.

For Sætervik var fødselen på Voss ein direkte konsekvens av alt styret rundt fødeavdelinga i Lærdal.

— Hadde eg vore sikker på at fødeavdelinga her hadde vore i drift, hadde eg sjølvsagt fødd her. Men slik det såg ut til å bli, var eg aldri i tvil om at det måtte bli Voss. Og eg har aldri angra. Eg har berre godt å seie om sjukehuset på Voss. Men det hadde vel også vore tilfellet, dersom eg hadde fødd her heime.

Reiser vekk

I tysdagsavisa kunne Bergens Tidende fortelje at det så langt berre er innmeldt fire fødslar ved Lærdal-sjukehuset i januar. Normalt skulle det vore kring 20. Sjukehusdirektøren i Lærdal meiner den usikre situasjonen rundt framtidas fødetilbod i Indre Sogn gjer at gravide kvinner heller vel å dra til fødeavdelingane ved sjukehusa i Førde og på Voss.

Vigdis Sætervik trur mange kvinner i Indre Sogn vil gjere som henne i framtida.

— Framtida for fødeavdelinga og sjukehuset er noko alle snakkar om. Det har vore trygt å ha ei fullt oppegåande fødeavdeling så nær. No kjenner mange seg utrygge, seier Sætervik.

VALDE DET TRYGGE: Vigdis Sætervik reiste frå Lærdal då ho skulle føde. Jenta, som skal heite Helga Therese, kom til verda på Voss 1. juledag. - Eg fann ut det ville vere tryggare, seier 25-åringen.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH