– Eg fekk spørsmålet frå Senterpartiet onsdag, to dagar etter nominasjonsmøtet i Høgre. Men eg orka ikkje ta stilling til oppmodinga akkurat då. Eg trong ei viss betenkningstid, seier Åmdal Sandvik til Strilen.

Ho har ei fortid i Sp, som formann i Senterungdommen i Meland då ho var 19-20 år. I 1972 melde ho seg inn i Høgre under EF-debatten.

Arnold Tveit var føreslegen som Sp sin toppkandidat, men han seier at han ikkje har problem med at Åmdal Sandvik stiller som ordførarkandidat.

– Det er best for partiet og Meland kommune, uttaler Tveit til Strilen.

Åmdal Sandvik seier at ein av grunnane til at ho melder overgang til Sp, er massiv støtte frå innbyggjarar i kommunen etter at ho vart vraka av Høgre sitt nominasjonsmøte.

Etter Åmdal Sandvik, som er kumulert på 1. plass, er også Arnold Tveit kumulert som numnmer 2. På dei neste plassane kjem Ingebjørg Skurtveit, Magne Rifsgård, Kåre Skjellanger, Leiv Jan Fosse og Liv Hopland van der Koij.