STEINAR HYSTAD

— Ja, det var i Fjøsanger-traktene det gule kristtornmysteriet oppstod for ca. 30 år sidan, fortel Magne Sandvik. Han har i mange år vore gartnar ved Sjukehuset på Stord, der han har pleie av staslege kristtorntre mellom arbeidsoppgåvene. Første halvpart av 70-talet var han overgartnar på Det norske Arboretet på Milde i Fana.

Venta på raude bær

— Nokre hageeigarar på Fjøsanger gjorde den gledelege oppdaging at små tre med kvasspigga grøne blad hadde sett rot på eigedomane og venta naturlegvis at det etter kvart skulle koma raude bær. Når frukta i staden vart gul, vart Arboretet kontakta for å få greie på kor naturleg dette var. Trasten likar godt kristtornbær og blir på den måten ein aktiv spreiar av beinveden, som denne veksten også blir kalla. Gjennom eit oppslag i Bergens Tidende bad arboretet folk melda frå om dei visste om viltveksande kristtorn med gule bær, og det gjekk ikkje lang tid før me vart vist til ein skogteig på Fjøsanger. Der stod stamtreet. Ikkje berre til villbuskane i bergenske hagar, det blei også der me henta stiklingar for vidare formeiring på Arboretet, seier Sandvik.

Prøvefelt

Mildegullet var ein realitet og det vart gjort avtale om prøvefelt i tradisjonelt gode kristtornområde. Mellom dei som takka ja til å testa gullvarianten, var bonde Jostein Økland på Rommetveit. Ein av mange bønder på Stord som kan visa til mangårige avtalar om å levera den flotte naturlege julepynten til forhandlarar i og rundt Bergen.

— Dette har vore eit interessant forsøk å vera med på. Det foredla Minde-gullet skal har ros for å vera ein meir trufast i bærproduksjonen enn den raude kristtornen, som kan ymsa mykje frå år til år. Mottakinga hjå publikum er blanda. Nokre seier beint ut at det får halda med kristtornen dei er vane med og at alternativ ikkje trengst. Andre synst det kvikkar opp med ein ny farge i buketten, samstundes som dei minner om at det tok tid å venja seg til den kvite julestjerna også.

Påskepynt

Gul kristtorn er meir vanleg lenger sør i Europa. Dermed kan det vera rimeleg å tru at ein fugl på trekk nordover etter vinteropphald i syden kan ha frakta stamtrefrøet med seg etter å ha «bunkra» gult i ein fransk hage.

— I tillegg til mykje bær, har vår nye kristtornven den gode eigenskapen at han held seg stivpynta langt utover seinvinteren og våren, gjerne like til påske. I den høgtida bli heimen tradisjonelt pynte med gult, så kanskje me kan gjera ein marknadsframstøyt der, funderer Jostein Økland på Rommetveit.