Ein sommar på slutten av 1100-talet er aktiviteten stor på Borgund i Lærdalsdalen. Gamlekyrkja står til forfall. Då ho blei bygd, blei dei berande stolpane, eller stavane, sett rett ned i bakken. Den fuktige jorda har gitt standverket store ròteskader.

No skal det byggjast nytt. Bygdefolket har hogge tømmeret. Omreisande handverkarar har kome til dalen. Dei er ekspertar i puslespelet det er å byggje stavkyrkje.

No skal det byggjast annleis. For sidan sist det blei bygd kyrkje på Borgund, har handverkarane tileigna seg ny kunnskap. I staden for å setje stavane rett i den fuktige molda, murar dei stein og plasserer bygget oppå. Kyrkja blir løfta frå terrenget.

Nyvinninga steinfundament sikrar kyrkja i Lærdalsdalen langt liv. Det er årsaka til at dronning Sonja torsdag kveld kunne opne det nasjonale stavkyrkjesenteret, nokre hundre meter frå gudshuset biskopen vigsla for meir enn 800 år sidan.

I Roma stod den første Peterskyrkja ferdig like før år 350, etter segna på staden der den første pave, læresveinen Peter, blei krossfesta og gravlagd. Ho stod i meir enn 1100 år, men som i Borgund tok fuktskader og ròte bygget.

Då den nye skulle byggjast, blei det ikkje spart på ei krone. Minst like viktig som at det romerske nybygget skulle ære ein gud, skulle det også vise makta kyrkjas menn hadde opparbeidd seg. Praktbygget skulle vere symbol på den katolske kyrkjas herredøme i ein periode då katolisismen sleit med protestantar og popularitet. Byggjeperioden varde i bortimot 200 år. Den tids fremste arkitektar, byggmeistrar og kunstnarar blei hyra inn til eit bygg som ikkje skulle ha sin make.

Og visst er det makelaust i den store kyrkja i Roma. Og vel veit eg at slike byggverk kan seiast å ha gitt utvikling, innanfor kunst, arkitektur, vitskap. Likevel greier eg ikkje få fram den store entusiasmen under Michelangelos gigantiske kuppel. Eg tenkjer på kor mange menneskeliv som gjekk tapt for å reise byggverket til ein guds ære. Eg lurer på om dei ikkje kunne brukt pengane til noko betre. Eller om det ikkje finst grenser for kor pompøst noko kan bli. Eg greier ikkje fri meg frå tanken på stormannsgalskapen som ligg bak.

Det er mange likskapstrekk mellom Borgund og Basilica di San Pietro in Vaticano. Dei er bygde av ekspertar. Begge stader surrar det av alle verdas tungemål i turistmånadene. Dei ligg ved kvar si elv. Begge har vore, og er, senter for dyrking av ånd og religion. Dei blir rekne å høyre til det fremste i verdas arkitektur.

Men i Lærdalsdalen står ein bygning på stakkarslege 60 kvadrat, boren opp av grove tømmerstokkar. På golvet mellom steinsøylene som ber taket i Peterskyrkja mot himmelen, ville det vore plass til 360 Borgund-kyrkjer. Utskjeringar i tre er Borgunds pryd, i Roma skin det i gull, sølv og bronse. Drygt 40.000 menneske strøymer til Borgund kvar einaste år, Peterskyrkja kan ta like mange på ein gong. I Peterskyrkja heng ei aning av røykjelse i lufta, i Borgund er det tjørelukta du merkar i nasen.

Borgund og Roma er kvar si verd. Det er eit spenn så stort at det er vanskeleg å tru seg at katedralane er bygde for same guden.