– Hit er vi komne for å bli, seier Kerstin Bouvein.

Saman med mannen Christian og borna Leonara (7) og Tivio (4), har ho flytta frå verdsbyen Berlin.

Han er snikkar og har fått jobb i eit byggjefirma i Kinsarvik.

Ho er gymnastikklærar og underviser i pilates, dans og gymnastikk, mellom anna på treningsstudioet Bioform på Voss.

– Vi fekk rett og slett nok av storbylivet. Det er herleg å koma til ei bygd som denne, seier Kerstin.

Vil byggje eige hus

Gardshuset er for skrøpeleg til permanent bustad, men ho har forelska seg i ein idyllisk plass bortanfor jordet, med utsyn mot Eidfjordvatnet, og vonar at bonden vil selja ei lita tomt der dei kan byggje seg eige hus.

– Det høyrest gjerne rart ut, men ein viktig grunn til at vi reiser frå Berlin, er at det er kome så mange utlendingar dit. Og så løyser vi det med å bli utlendingar i Eidfjord. Kall det gjerne paradoks, seier Kerstin.

– Korleis taklar de språket?

– Vi lærer bokmål på norskkurs, borna lærer nynorsk på skulen og i barnehagen, og hardangerdialekt må vi hanskast med ute. Det kan vera litt forvirrande. Men det må vera ein fordel for borna å læra tre språk. Tysk i heimen, norsk og engelsk på skulen.

Alle er velkomne

– Kvifor akkurat Eidfjord?

– Fordi vi synest det er fint her, og det er ikkje så veldig langt unna Sand i Ryfylke, der bestevenninna mi har slått seg ned.

Den sjuårige dottera har nok heimlengsel. Yngstemann på fire har lettare funne seg vener.

– Eg tek gjerne turen til Voss for at Leonara skal få trena karate ein time i veka, sjølv om vi brukar bortimot tre timar i bil og på ferje fram og attende. Det er viktig at ho også finn seg til rette.

Familien på Hereid har kome til Eidfjord gjennom Placement-prosjektet. Ein annan familien på fire, frå Latvia, har «kome av seg sjølv», som prosjektleiar Ingunn Stana seier det. Men dei er like velkomne for det. Og Eidfjord er ikkje ukjende med tilflyttarar. Mellom anna driv det nederlandske paret Inge og Erik pannekakerestaurant på gjestgjevarstova i Øvre Eidfjord.

Å ha avtale om arbeid i orden på førehand, er eit vilkår for å få arbeids— og opphaldsløyve frå første dag.

KOMNE FOR Å BLI: Familien Bouvein likar seg så godt i Eidfjord at dei vil byggje sitt eige hus. F.v. Leonara (7), Kerstin, Christian og Tivio (4).
Christiansen, Roar