Kvartetten i det doble jonsokbryllaupet for 44 år sidan møtte fulltalig, og i bunader, då Skald Forlag i dag sleppte ny bok med bilete frå arkivet til Herheim Foto i Vangsgata.

Biletet av Arild Stalheim, Torunn Alnes, Åse Seim og Ove Johan Himle pryder framsida av boka, som rett og slett har fått tittelen «Voss».

Lokalhistorie
Fotograf Kjell Herheim laga ei utstilling på Mølstertunet då fotoforretninga hadde 50-årsjubileum for to år sidan. Eit bilete frå kvart år, representerer ein interessant lokalhistorisk kavalkade. Dei eldste bile-ta er tekne av faren, Christian Herheim, som grunnla forretninga, dei nyaste av Kjell sjølv.

No kjem ei brei samling bilete i bok-form, supplert med tekstar av journalist Nils Kvamsdal i «Hordaland».

Attkjend
Då boka vart sleppt i dag, viste det seg at dei to brudgommane også er med på eit anna bilete, av eit smågutelag med Valberg’en (lensmannsbetjent Leif Valberg) som lagleiar. Og ei av brurene, Åse Seim, kjende att Leik Slettemark, som ho er lovformeleg gift med, på same biletet.