Kommunestyret gjorde tilsetjing av ny rådmann torsdag kveld, melder Kystradioen i dag.

Christian Fotland blei på midten på 90-talet kjent som den yngste rektoren i landet då han blei tilsett på den nye ungdomsskulen i Øygarden.

Ordførar Olav Steinar Namtvedt seier til Kystradioen at Fotland har gode skotsmål og er ein interessant person for Radøy kommune. Den nytilsette rådmannen, som er busett i Lindås, er nå rektor på Kyrkjekrinsen skule i Åsane. Han har tidlegare mellom anna vore oppvekstsjef i Åsane bydel.