OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

IL Trio ser det som meir viktig at kantina ved Husnestunet held ope enn at idrettslaget skal få tilbakebetalt 250.000 kroner frå Kvinnherad kommune i rett tid, skriv avisa Kvinnheringen i dag.

Fotballgruppa i Trio har brukt ein kvart million kroner på å drenera Kvednabekkjen i nærleiken av Husnestunet eldreinstitusjon. Planen er å laga ein kunstgrasbane i området neste år.

Pengane Trio har spytta inn er ei forskottering som kommunen har avtalt å betala tilbake i 2005 og 2006. No tilbyr Trio fotball å utsetja tilbakebetalinga, slik at kantinedrifta på Husnestunet blir berga.

-Då kan kommunen kanskje få litt betre tid på seg for å finna ei permanent løysing, seier leiar i Trio fotball, Svein Røyrvik, som har bede om eit samrådingsmøte mellom kommunen, dei eldre, skulane og idretten for å drøfta eit samarbeid for å vidareføra kantinedrifta ved Husnestunet.

Kantina ved den to år gamle institusjonen står i fare for å bli stengt frå årsskiftet.