• Skipet låg i tørrdokk i byggjeperioden. Det høyrest rart ut at røret skal ha grodd att medan skipet blei bygt, seier pressetalsmann Reidar Gullesen hos Fosen Mek Verksteder.

Det viser seg at eit rør tetta av ørsmå skjel og groe var grunnen til motorhavariet på Stadhavet natt til søndag.

«Midnatsol» har hatt fleire motorproblem etter at det var ferdigstilt i mars.

Søndag kveld og natt til i går gjekk Troms Fylkes Dampskibsselskap sine eigne tekniske ekspertar gjennom skipet på jakt etter feilen som førte til motorhavariet natt til søndag.

Måtte sage av røret

I går tidleg vart feilen lokalisert medan skipet låg ved hamn i Florø. Røret med groane måtte sagast av for at feilen skulle bli oppdaga.

— Det er eit lukka system som er umogleg å halde ved like. Og dette var godkjent av Veritas. Det er tydelegvis ikkje eir kjent problem for dei, seier kaptein på «Midnatsol», Arild Hårvik.

Røret vart prøvd opna med eit Plumbo-liknande, etsande stoff. Kapteinen karakteriserer stoffet som tetta røret, som seigt og tjuktflytande.

Hårvik stadfestar at skipet har hatt motorproblem før.

— Mindre hendingar har der vore, men ikkje noko som er i nærleiken av det vi no har hatt. Det er alltid tekniske ting som må rettast opp med nye fartøy. Det vi har hatt av tekniske problem før, kan ikkje sjåast i samanheng med det vi opplevde no, hevdar han.

Stasjonssjef Magne Rødland ved Sjøfartsdirektoratet i Bergen seier at det ikkje er usannsynleg at groen som tetta til røret, har starta i løpet av byggjeperioden i Trøndelag.

— Vi veit at det gror veldig på båtar når dei ligg i ro, seier han.

Låg i tørrdokk

— Det er første gang eg høyrer ei slik antydning. Skipet låg i tørrdokk det meste av byggeperioden, det var berre heilt på slutten det låg i vatn, seier Gullesen.

Han vil førebels ikkje dele ut ansvar for at «Midnatsol» havarerte med motorstans berre 100 meter frå undervasskjeret Bukketjuvane.

— Vi ventar på rapporten frå Veritas, seier han.

— Vi har bygd skipet etter dei spesifikasjonar vi har motteke. Det er ikkje så mykje meir vi kan gjere, seier representanten frå Fosen Mek.

Kaptein Hårvik meiner Sjøfartsdirektoratet må sjå på rutinane sine viss dei trur røret har grodd til i løpet av byggjeperioden.

— Alle båtar ligg i ro når dei blir bygde, påpeikar kapteinen.

Fann feilen sjølv

Sjøfartsdirektoratet såg på «Midnatsol» på morgonkvisten i går, og aksepterte at det var det tette røret som var feilen.

— Reiarlaget og kapteinen fann feilen. Våre folk i Florø har sett på båten, og vi har akseptert at dette er feilen. Dermed kunne vi sleppe båten, seier stasjonssjef Magne Rødland.

— Frå mi side er denne saka no over. Men Sjøfartsdirektoratet vil nok gå inn og spørje reiarlaget om korleis dette kunne skje, seier Rødland.

Søsterskipet «Trollfjord» vart lagt til kai i Molde til feilen var funnen i går. Etter at problemet var løyst, vart «Trollfjord» sett i drift. Skipet forlét Molde klokka 14.00.

«Midnatsol» vart liggjande i Florø i går, fordi tekniske ekspertar frå Veritas ikkje kom seg til byen. Flyplassen var stengd på grunn av sterk vind.