Overfor Bergens Tidende vert det klaga over plassering og utforming av informasjonstavler, og ordlyden i meldingane. Størst problem har utanlandske bilistar fått.

Mange har reagert på formuleringa «Lokaltrafikk kan gå i regulert trafikk via gamlevegen» i kunngjeringane.

Lokaltrafikk kan vera eit tøyeleg omgrep. Etter den snevraste tolkinga, omfattar den berre dei som skal til og frå hus langs gamlevegen. Men det kan også forståast som lokaltrafikk mellom Dale og Stanghelle, eller innan Vaksdal kommune. Ei meir utvida tolking kan også omfatta trafikk mellom Bergen og Voss.

Det som faktisk skjer, er at alle bilar som stiller i kø, også dei som skal frå Bergen til Oslo, eller omvendt, får vera med i kolonnene. Einaste avgrensinga er storleiken på doningane. Dei må vera så små at dei kan forsera hengebrua over Hellestraumen, med 90 graders sving på sørsida, og smetta forbi kampesteinen i urda.

Etter det Bergens Tidende forstår, har Vegstellet misbrukt ordet lokaltrafikk med vilje, for å få flest mogeleg til å ta omvegen om Hardanger.