• Eg er ikkje i tvil om at vi skal greie å ta betre vare på denne steinen enn Bergen Museum, seier stryneordførar Nils P. Støyva.

TERJE ULVEDAL

Ordføraren vil rett over påske ta kontakt med fylkeskulturetaten i Sogn og Fjordane for å undersøkje om det er råd å få ein unik helleristingsstein tilbake til kommunen. Fleire personar i Utvik har engasjert seg etter at Bergens Tidende skreiv om den skrøpelege lagnaden for kulturminnet sist tysdag.

Kårstadsteinen blei i 1927 flytta frå Stryn til Bergen fordi han der kunne sikrast betre. Men i hagen utanfor Historisk Museum i Bergen står det 2000 år gamle kulturminnet dekka av ei huntonitplate, etter at runesteinen blei spraya med grøn maling av taggarar. Slik har steinen har stått «innpakka» i ni år.

Stryneordføraren er sterkt kritisk til at Bergen Museum ikkje har klart å ta betre vare på klenodiet.

— Bergen Museum har dei siste åra pålagt oss i Stryn kommune å gjennomføre arkeologiske utgravingar for hundretusenvis av kroner. Då forundrar det meg storleg at dei sjølve ikkje greier å ta betre vare på kulturminna dei hentar frå kommunane. Eg ser på det som eit stort dilemma som også arkeologiske styremakter bør ta inn over seg, seier Støyva.

Då Bergens Tidende omtalte saka tysdag, gav ansvarleg for Bergen Museums samlingar frå bronsealder og eldre jarnalder, arkeologiprofessor Liv Helga Dommasnes, uttrykk for at det kan bli aktuelt å byggje steinen inne med glas. Likevel er det heilt uaktuelt å føre steinen tilbake. Likevel vil Støyva gjere eit forsøk. Han er ikkje i tvil om at folk i Stryn vil klare å forvalte kulturskatten like godt som museet.