I meir enn to år har BKK drive med utbygginga av Kløvtveit kraftverk i Gulen. Eit halvår før oppryddinga er avslutta og anleggsmaskinene skal vere vekke, prøver grunneigarane no å berge delar av Kløvtveitvatnet. Dette skal fungere som magasin for kraftstasjonen ved Austgulfjorden.

– Eg er ikkje mot kraftutbygging. Eg vil også ha straum. Det som irriterer meg er at for nokre få millionar kroner, kunne utbygginga etter vårt syn vore gjort med langt større skånsemd, seier Matias Myren.

Tok siste auren

For eitt år sidan tok Magne Myren siste fisken i Kløvtveitvatnet:

– Det var kjempeflott fisk her før. Vi kunne få aurar på kring kiloen.

Eitt år etter at siste fisken beit, er området forandra til eit månelandskap. Vatnet er nedtappa slik at berre ein liten vasspegel ligg att i botnen. Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) har gitt BKK løyve til ei regulering på 46,5 meter. På året som har gått har regn og vind vaska reint strandsonene der auren beita. Stein og aur ligg att som eit ope sår mot det myrlendte landskapet i bakkane over det som var vasslinja då vatnet var urørt.

– Eg trudde ikkje slikt som dette skjedde i 2007, seier Per Austgulen Wick.

Han og Myren er to av fleire grunneigarar i Austgulen som no krev endringar i kraftutbygginga. Kløvtveitprosjektet omfattar i hovudsak tre vatn i fjella aust om Austgulfjorden. Vatn frå Transdalsvatnet og Austgulstølvatnet blir ført i tunnel til magasinet i Kløvtveitvatnet. Elvane frå Transdals- og Austgulstølvatnet renn normalt mot Masfjorden, og er viktige for vassføringa i det verna Ynnesdalsvassdraget. Likevel gav NVE løyve til å tørrleggje desse elvane, og føre vatnet i tunnelar til Kløvtveit.

Skulle vore berga

Det er den hardhendte reguleringa av Kløvtveitvatnet grunneigarane reagerer mest på. Kløvtveitvatnet var delt i eit vestre og austre basseng med eit smalt og grunt sund mellom. Grunneigarane meiner at austre delen, dei kallar det Vetle Kløvtveitvatnet, kunne vore urørt. Det ville skjedd om det hadde blitt bygt ein lang tunnel rett frå Austgulstølvatnet og like til Store Kløvtveitvatn. Både grunneigarane og Gulen kommune gjekk inn for dette, men fekk aldri gjennomslag.

– At Store Kløvtveitvatn ville bli øydelagt, skjønte vi tidleg. Når det først blei gitt løyve til utbygging, var ikkje det så mykje å gjere med. Men eg kan ikkje tilgje at dei også øydela den austre delen. Den kunne lagt som før, og BKK ville hatt akkurat like mykje vatn i kraftstasjonen. Ikkje ein kilowattime ville gått tapt, seier Matias Myren.

Krev røyrgate

Myren understrekar at han ikkje har grunnlag for å hevde at BKK har gjort noko gale.

– Det er NVE som har gitt BKK konsesjon, og dermed sett vilkåra for utbygginga. Folka til NVE burde kome seg ut og sjå på kva dei gjev løyve til, ikkje sitje på kontor og studere kart.

Per Austgulen Wick legg ikkje skjul på at han meiner BKK har vore lite lydhøre for framlegg frå grunneigarane:

– Dei møta vi har hatt med grunneigarane har stort sett vore lagt opp som orienteringsmøte. Dei gongene vi har kome med innspel, har tilbakemeldinga stort sett vore at det har dei ikkje budsjett til.

No meiner Matias Myren det berre er eitt å gjere. Det må leggjast ei røyrgate som bind saman tunnelen frå Austgulstølvatnet og tunnelen mellom Vetle og Store Kløvtveitvatnet. Då kan dei fylle opp att Vetle Kløvtveitvatnet.

– Berre slik kan dei ansvarlege kome frå dette med ære, seier han.

oddleiv apneseth
oddleiv apneseth