— Vi klarer å lense ho tom når sjøen fjærar. Men når det byrjar å flø att blir det problem, for då kjem det vatn inn på dekk, seier Kurt Rongevær til BT.

Han oppdaga skuta i 23-tida onsdag kveld, og køyrde ut for å hjelpe.

Driv berging sjølve

Ifølgje Rongevær hadde båten, som er ei 50-fots treskute, gått på grunn ved Påskefluda like før 22-tida.

TIPPA OVER: Ifølgje Kurt Rongevær, som er ein av dei som tipsa om saka, tippa båten over natt til torsdag.
Kurt Rongevær

Innan midnatt hadde han fått berga tre passasjerar, inkludert eigar av båten, og det som var å berge av ting om bord.Rongevik fortel at båten tippa over med neste fjøre. Ifølgje både han, og ein anonym tipsar, blei relevante etatar varsla i dag tidleg. Likevel har ingenting skjedd.

— Skuta ligg trygt i dette veret, men ein lurer på kva som skjer når det blir flo eller vinden tek seg opp, skriv ein tipsar.

- Eigar sitt ansvar

Hovudredningssentralen bekreftar at dei fekk melding i dag tidleg om ei treskute som var gått på grunn på Påskefluda.

Vakthavande seier likevel det er lite å gjere, så lenge alle om bord er i tryggleik, og fartyet ikkje ligg i vegen for andre.

Etter det er vidare berging av båten ei sak mellom eigar og eventuelt forsikringsselskap.

Ifølgje Rongevær er skuta ikkje forsikra, og båteigar - som er frå Bergen - ikkje tilgjengeleg.

Fartyet skal ikkje ligge i veg for annan skipstrafikk.