• Mange av oss i KrF er frustrert og djupt fortvila over Erna Solberg, for vi veit ikkje kva ho vil med kommunane. Ho burde ha spela med meir opne kort, seier Torill S. Nyborg.

Som leiar i Hordaland KrF har Nyborg lenge markert seg som ein krass kritikar av den politikken regjeringa fører i forhold til kommunane. Det er i første rekke kommunalminister Erna Solberg (H) vreiden går ut over.

— Eg meiner at ho har ein dobbel agenda. Det eine er at ho vil leggja ned fylkeskommunen, og i tillegg vil ho slå saman kommunar. Det skal rett nok skje frivillig, slik ho ordlegg seg. Men vi veit at det er ikkje så enkelt. I praksis har dei ikkje noko val. Vi burde ha hatt ein langt opnare prosess om lagnaden til kommunane enn det vi er vitne til.

Vi ser at ho fører ein heilt annan, og langt tøffare politikk enn det vi frå KrF si side var innstilt på, seier Nyborg som og er fylkesvaraordførar.

Svelteforing

Nyborg hadde følgje av mange talarar på KrF-landsmøtet som ikkje la fingrane imellom då dei kritiserte svelteforinga av kommunane. Men knapt nokon refsa Erna Solberg direkte med namns nemning frå talarstolen. I korridorane, derimot, vart det retta harde ord mot høgrestatsråden.

No set dei visse voner til kommuneøkonomiproposisjonen som kjem torsdag i denne veka. Torill S. Nyborg er glad for signala som har kome om at det skal løyvast meir til å vøla nedslarva skulebygg. Men det er ikkje nok for å roa dei utålmodige i KrF. KrF-leiaren i Hordaland seier det slik til Bergens Tidende:

- Vi har gått og stura

— Eg trur ikkje at mismotet i partiet legg seg lett. Vi lyt nok venta til budsjettet for neste år vert lagt fram. Det ser heldigvis ut til at partileiinga har skjøna signala frå grasrota, så eg er trass alt optimist!

Det var godt for oss å vera i lag på landsmøtet desse tre dagane, for vi har gått og stura i kvar vår krok. Men Kjell Magne Bondevik greidde laurdag å setja ein kveik i oss, seier ho.

Torill S. Nyborg og dei andre frå Hordaland KrF innkasserte fleire viktige sigrar på Lillestrøm denne helga. Den eine var at ho vann fram med forslaget på Knut Arild Hareide som ny nestleiar, og dessutan slutta landsmøtet opp om eit par resolusjonar som hadde utspring frå Hordaland, m.a. kravet om tiltak for å styrkja vernet mot oljesøl og farleg skipstrafikk med olje frå Russland.

Nøgd med Ap - her i fylket

Det er tungt å vera KrF-politikar for tida, for «halvparten av veljarane våre er ikkje nøgde med oss. Med berre 6 prosent tilslutning til KrF har vi grunn til å vera ottefulle med tanke på valet i haust,» legg ho til.

— Du er med andre ord litt nervøs for tida?

— Nei, eg er klar til å ta nye utfordringar. Dessutan har vi gode røynsler med samarbeidet med Arbeidarpartiet, Venstre og Senterpartiet i fylkeskommunen. Vi har mange gode resultat å visa til i valkampen.

Stolar ikkje på Jens

— Er det eit mønster for samarbeid også på regjeringsplan?

— Det ser ikkje slik ut, for Jens Stoltenberg er ikkje til å stola på. Det viste han i fjor haust då det var snakk om budsjettsamarbeid i Stortinget. Det viste seg at han meinte ikkje noko med den invitten han kom med. Han var for feig.

— Betyr det at du om to år er budd på å gå til val att på eit regjeringssamarbeid med Høyre?

— Det vert vanskeleg, men mykje står og fell på Høgre sjølv. Både Bondevik og andre har gjort det klårt at vi vil ikkje regjera saman for einkvar pris. Det er eg samd i, seier ho.

VELJARANE SVIKTAR: Torill S. Nyborg er lei seg for at halvparten av KrF-veljarane har vendt partiet ryggen. - Erna Solberg må ta mykje av skulda, meiner ho.<br/> ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG